Då er me meir enn halvvegs i veka allereie, og det nærmar seg helg med stormskritt. Denne helga skal eg tilbringe heime på Stord saman med mamma, det blir kjekt. Eg trur tilogmed at min kjære bror er heime denne helga, han er det lenge sidan eg har sett no. Også gler eg meg sjølvsagt til å treffa alle dei fine venninnene mine, alt ligg tilrette for at dette blir ei superduper helg :D
Idag skin sola her i Bergen, og det har vore ein nydeleg dag. Nabohuset vårt er til sals for tida, (løp og kjøp) det var visning der idag, men det såg ikkje ut som det var så mangen som møtte opp, det blir jo spanande å sjå kven som overtek det. Idag er det eit hybelhus med tre leilegheitar, så det blir vel nokon som kjøper til for vidare framleie, så får me håpe at dei som overtek leiger ut til kjekke folk. (Eg veit ikkje om nokon har fått det med seg, men det var ein litt ufin hendelse her for nokre dagar sidan, litt lenger ned i vegen, så me håpar me slepp å få denslags nærmare oss)
Ellers har me fått opp litt ekstrautsyr på veggane på badet idag. Så no er det berre dei vindaugskarmane igjen, me får no sjå når dei kjem opp. Eg kjenner eg er rimeleg klar for at dei skal bli ferdige no, sånn at eg kan vaske det ned og flytte inn tinga våre. Det gler eg meg sånn til. Eg har overtala Thomas til at me skal kjøpe nye handkle som alle er i samme farge, så blir det så fint der inne. Kva farge det blir, det held eg hemmeleg enn så lenge :) (typisk bloggar)
|
Handklehaldar til gjester. |
|
Handklehaldar til våre handkle |
|
Toalettrullhaldar |
|
Og kvar vår haldar til dusjartiklar. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar