torsdag 21. juni 2012

BURSDAG: 26 ÅR

Då var eg heile 26 år, og eg er no på heilt feil side av tjuetalet. Eg hugsar når eg vart 25 år, altså sist gong eg hadde bursdag, då hadde eg veldig bursdagsangst, og ville helst ikkje bli noko eldre, men denne gongen gjekk det heldigvis bra. Sidan sist bursdag har eg jo forlova meg med verdas finaste mann, og kjøpt hus saman med han, så stressfaktoren er absolutt på veg ned. Fast jobb har eg og fått, det hadde eg vel heller ikkje sist bursdag, så hurra for det.

Dagen blei feira med Thomas, mi gode venninne Marith (som og hadde bursdag igår) og hennas kjærast, Jørgen. Me laga til eit heidundrandes grillmåltid med indrefilèt, grønnsaker, potetsalat og vanleg salat, ja og mais sjølvsagt. NAM.

Idag fortsatte eg feiringa med resten av mine gode venninner, ein veldig koseleg middag i byen og litt shopping etterpå. Veldig glad for at alle kunne vera med på det, og så passa det så himla bra sidan Tonje og var i byen (ho bur vanlegvis i Oslo), i ein hektisk kvardag er det altfor sjeldan ein greier å møtast alle på ein gong, men så sett ein jo umåteleg pris på det dei gongene det skjer då :) <3

Konklusjonen her må vel vera at det var heilt OKpluss og bli 26 år.

Nemde eg at eg fekk verdas finaste bukett roser av guten? :)

Han er ikkje så verst nemlig :)
Bilete er feil vei, men her er altså litt av maten vår.

Ein stk sulten hund.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar