Herregud som tida flyr. Eg tenkte at desse fem vekene skulle bli dei lengste i mitt liv, men berre fordi eg gleda meg så mykje altså. Så har dei gått så fort, snart er det berre EI veke att til me har det nyaste, finaste og DIGGASTE badet i heile Bergen :D
Igår då eg kom heim fra jobb låg det fliser på golvet der oppe, det var sprøtt skal eg sei dåke. Idag var det komt fuger i og. Heilt vanvittig fint. Den vakre rista i dusjen var og på plass, feil type vel og merke, men det ordnar seg vel det.
Igår var me eintur på IKEA, den nye altså. Den var veldig fin, til IKEA å vera iallfall. Me tok oss ei runde og kikka på det som var, og endte opp med eit skap til VVB og ei benkeplate til å ha over. MEN det viste seg å vera feil storleik på skapet (ein feil ifra vår side altså) så eg må senda mannen ut eintur imorgon og for å bytta. Og det er jo bra sidan han eeeelskar IKEA :P
På fredag skal godbilen til EU-godkjenning, det kan jo bli spanande. Og rett etter eg får dommen på kva det vil koste meg (går alltid inn med eit negativt sinn når det kjem til slikt) så skal eg til tannlækjaren for å trekke ei tann, sidan det og er så billig :) Men, slike ting høyrer med det og, ein kan ikkje berre tene pengar, ein må bruka dei og!
|
Tenk at dette er VÅRT bad <3 |
|
Me er veldig nøgde! |
|
Alle ledige plassar blir brukt til oppbevaring om dagen, til og med trappa :) |
|
Og rista sjølvsagt (og resten av dusjsona) Det er ikkje heilt dette mønsteret me er einige om, men den er for all del fin denne og :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar