Her på Laksevåg vert denne afta feira med tønnebål, livemusikk og andre festlegheiter med havna rett nedanfor oss, me gjekk eintur ned isted rett før bålet skulle tennast, men det kosta sjølvsagt pengar å kome inn og det hadde ikkje me tenkt på, så då tusla me heim att. Det er ikkje så farleg, for me har jo panoramavindauge i andre etasje her med god utsikt ned til bålet.
Det er Laksevågs Bueskyttere som arrangerer dette kvart einaste år og det har dei gjort dei siste hundre åra. Det er reint dugnadsarbeid og planlegginga startar allereie i august året før bålet skal tennast. I 1991 vart det utført omlag 3120 dugnadstimar i samband med bålet som då bestod av 37 tønneraster med tilsaman 800 tønner.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar