lørdag 2. juni 2012

MATERIALLISTE

Flyttinga med leigetakaren idag gjekk superfint. Eg stod opp klokka ni for å vaske ferdig der nede, alltid ute i siste lita, hehe. Thomas sov litt lenger, men var tidleg oppe han og, han måtte ein tur på Bystasjonen for å kjøpe ein antenneleidning. Me greier berre ikkje å få signal til TVen nede, og det skulle jo strengt tatt vore på plass allereie.

Sjølv med hjelp av ein elektrikarkompis gjekk det ikkje, så då blir det jo å kontakte CanalDigital å høyre om dei vil sjå på det.

Då me var ferdige med dette tok me oss litt lunsj før det bar ut til XL-bygg for å henta material til badet. Me har fått ei liste å forhalde oss til, og fekk henta alt me skulle ha, godt med det som er gjort. Imorgon vil me ha minst mogleg på oss, slik at me kan kose oss og nyte dagen. Ha litt fri rett og slett.

No skal me ut å feire. Feire at Thomas er ferdig med eksamen, feire at leilegheita er leigd ut, feire at eg er ferdig med 130% arbeid. Rett og slett berre feire. Me har bestilt oss eit bord på favorittrestauranten vår, Salsa Bar og Grill - finstasen er på, og alt er duka for ein skikkeleg heilaften.

Litt bilete frå dagen vår. Truckførar- Berta, noko å vurdere? hehe :P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar