Idag har det vore isolering som har stått på planen. Thomas og Jørgen har stått på i andre etasje, medan eg og Gjøa har slappa av i hovedetasjen, herleg. Gutane har lagt isolasjon i golvet, slik at det er klart til å bli plata imorgon, då skal nemleg snekkaren igong der oppe.
No har me akkurat vore ute på jobben til Thomas å henta meir isolasjon, til veggane denne gongen. Gutane har hatt seg ei arbeidsøl og to, så me måtte ta det med den vetle bilen, to rundar med to isolasjonspakkar - god plass i godbilen vel :)
Dette blir ei skikkeleg spanande veke på baderomsfronten, eg trur me kjem til å sjå mykje framgong når snekkaren skal igong, nytt golv, nye veggar og nytt tak. Så er det vel muraren som skal igong veka etter, eg vil tru det er det som tek mest tid av dei ulike faga. Og eg er så himla spent på korleis det vil bli med dei flisene me har valt.
Legg ved eit par bilete frå dagen vår :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar