Dersom eg skulle velga ein favorittplass i det vakre huset mitt, så måtte det nok vera foran vindauga i stua. Der kan eg sitta lenge og berre kikke på byen, fjella og havet. Nydeleg.
Fram til no har me hatt ein tv-benk ståande der, rett og slett fordi me ikkje har hatt så mange andre stader å setja den. Men, den er jo ikkje kjempebehageleg å sitja på, og det var slik eg eindag fann ut at det hadde vore perfekt med ein divan/sjeselong der istadan. Thomas er heldigvis ikkje vanskeleg å be, han vart einig med ein gong, og slik starta jakta.
Etter å ha tråla nettsidene til både Living, Skeidar, Ikea og Bohus, fann me ut at det var igrunn ikkje heilt sånne me var på jakt etter, dei var alle litt for "hippe og kule" for Nygjerdet, om eg kan forklara det på den måten. Me ville ha noko med eit litt antikt preg. Så me tok eintur inn på bruktmarknaden istaden, og etter litt leiting der inne fann me denne gamle, nydelege perfekte, men veldig slitte sjeselongen fra 1880-åra.
Ikkje nok med at den var ganske slitt, så var den eit stykke unna også, men det var denne me ville ha. Så etter å ha pruta litt på prisen reiste me å henta den. Då me kom fram såg me at den var enda meir slitt enn me trudde på førehand, men me heiv den med oss i bilen likevel, så får me sjå kva me greier å få ut av den :)
Eg har vaska den så godt eg klarar, og tenkjer å prøve å smøre den inn med noko greier som egnar seg, samt å kanskje pusse litt på treverket og beise (?) på nytt. Kjekt er det uansett å prøva seg på ting ein absolutt ikkje kan. Alt ein vil, får ein til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar