tirsdag 19. juni 2012

Det kjennes vanvittig godt å ha fått livet tilbake, om ein kan sei det på den måten. Eg har så god tid no, til å gjera det eg har lyst til. Som til dømes idag, la meg ned på sofaen då eg kom heim fra jobb og satt rett og slett på ein film, og låg der heilt til den var ferdig. På ein vekedag!

No har me akkurat kome heim etter ein liten tur på dusjslang hos Marith og Jørgen, men no er det berre to heile dagar og ein halv, så kan me forhåpentlegvis dusje i eigen heim igjen. Me fekk vete idag at dei ikkje blir 100% ferdige til fredag likevel, men dei får på plass det aller meste. Idag var til dømes snekkaren her til halv åtte, og på laurdag var jo muraren her på fridagen sin, så dei gjer jo det dei kan. :)

I helga som kjem skal eg rett og slett vaske. Heile huset. Det trengs. No har me ikkje hatt varmt vatn her på tre veker, og sjølv om eg har kokt opp vaskevatn eit par gonger så blir det ikkje heilt det same. Apropos varmtvatn, så har me fått varmtvatnsberedar idag, yay! Og dør inn til badet og nesten heile taket er klart der oppe.

Det er fotball på skjermen idag og :)

Ny dør!!!

Tak! Me valde å bruke panel då me synes det passar huset best :)

Og til slutt den nye tanken :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar