tirsdag 5. juni 2012

FRAMGONG

Jaja, no byrjar det å skje ting, det skal vera sikkert. Idag er det tysdag, og akkurat ei veke sidan dei byrja på badet vårt. Dette er og den første tysdagen på fleire månadar at eg ikkje skal jobbe to skift, det kjenns heilt nydeleg. Og rart. Det er merkeleg kor vant ein blir til ting :)

Igår var eg på Løvstakken med to venninner (og Gjøa, sjølvsagt), det var heilt nydeleg. Ja, takk til meir av det framover. Eg gler meg til å ha masse tid og energi til å trene igjen, det er framleis to månadar til me skal til Kypros, så eg har litt tid på meg enda.  Sumarkroppen 2012, eg har ikkje gitt opp enda.

Tilbake til badet. Snekkaren er i full gong her no, han er ein ivrig kar som jobbar lange dagar og idag fortalde han oss at ifølge framgongsplanen skal dei byrje støypinga på torsdag allereie. Det går fort framover, og det skal me ikkje klage på :)
Det har kome plater på golvet.
Somme stader er røyra lagt over bjelkelaget, så her må ein tilpasse.
Tett-i plater på somme av veggane.
Thomas testar plassen i toalettkroken og i dusjhjørnet :P (Her ser de såvidt at det er kome opp ein vegg mellom dusjen og toalettet) :D
Det er kjekt å sjå så mykje framgong frå dag til dag :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar