Ein gledeleg nyheit til alle de som les bloggen her. Eg har, endeleg, kjøpt meg nytt kamera. Ein skikkeleg spegelrefleks, Nikon D3100, så no gjeld det berre å lera seg korleis ein brukar det :)
Igår var det dags for at bilen skulle EU-godkjennast og eg må innrømma at eg på førehand var ganske nervøs for utfallet. Sjølvsagt gjekk jo bilen gjennom utan merknadar, så det var iallfall ein ting mindre å tenkje på. Etter dette hadde eg time hos tannlækjaren, så eg suste heim og henta Thomas, som hadde lova å bli med meg. Me var litt seint ute og sprang bort til tannlegekontoret berre for å finna ut at tannlækjaren min var sjukemeld, så då slapp eg det. Dei hadde altså gløymd å ringja til meg for å gi beskjed.
Så då fekk eg og Thomas ein god time i byen istadanfor me då. Gjekk å kikka litt i butikkar og endte altså opp med å kjøpa eit nytt kamera. Det har eg ynskja meg lenge og så fekk eg jo litt pengar av min bror i bursdagsgåve på førehand. Og når bilen då i tillegg gjekk gjennom kontrollen og eg slapp tannlækjar, då tok eg det som eit klarsignal :)
Så her kjem nokre bilete av badet med litt betre kvalitet enn før!!! :D
Så fint det blir, Cathrine!
SvarSlettTakk for da søte du :D
Slett