torsdag 7. juni 2012

DET SKAL BLI VARMT

Og nei, eg snakkar ikkje om veret (sjølv om eg trur det er meldt fint i helga som kjem), eg snakkar sjølvsagt om BADET! Idag er varmekablane på plass der oppe, og dette er så spanande. Det første eg gjer kvar dag eg kjem heim etter arbeid er å springe opp for å sjå, tippar arbeidarane synes eg er heilt rar, hehe, alltid like overvelda over framgongen :)

Imorgon skal dei støype, snekkaren vart ikkje heilt ferdig igår, så ting vart litt utsatt pga det, men det hentar dei sikkert inn. Dersom dei rekk det skal dei og leggja første laget med membran. Det er ikkje lenge før flisene byrjer å kome på no, det gler eg meg til. Håpar og trur at det skal bli bra :)

Ellers er det bare heilt herleg med all denne fritida, kjenner eg byrjer å bli utkvilt att no, det tok meg bare ca ei veke, hehe. Igår tok eg meg ein tur på besøk til dei finaste besteforeldrene mine, mamma og pappa var på besøk og då er det jo ein ypperleg moglegheit for å ta seg ein tur.  Det var utan tvil vekas høgdepukt for min del (familiekjær? meg?). Idag har me hatt besøk av ei venninne av meg og kjærasten hennas, det var koseleg, dei er på besøk fra Oslo, så er ikkje så ofte me får sjansen til å treffa dei.

Då dei var gått tok me oss ein tur på Coop Obs Bygg, det var for lenge sidan sist. Seint igår kveld fann me nemleg ut at me kanskje bare skulle male gjestetoalettet no, det høyrtes ut som ein kanonidè og utvikla seg fort  til  å omhandle ny spegel, nytt vindauge og nye lister, jada. Så me har jo kjøpt maling idag me då, eg fekk litt bursdagspengar på forskudd igår og tenkte det ville vera flott å bruka dei på "nytt" gjestetoalett" :)



Sjekk det her då!!!!!
Litt ekstra varme i dusjhjørnet.
Tilogmed varme på beina når ein er på "kontoret" :P
Eg greide ikkje å ta noko bilete som komplimenterte fargen så eg endte opp med eit kjipt bilete av etiketten. Fargen heiter "Fjær" google it!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar