Heisann! Då nærmar det seg slutten på baderommet vårt, det har vore ei morosam reise, og det er kjekt at me fekk det til. Det som gjenstår no er vindaugskarmar, litt diverse oppheng og dusjdørene, sistnemnde kjem ikkje før i veke 33, så den må me altså vente på i nokre veker til. Sånn er det med ein høg mann som treng litt spesiallaga dør.
Sidan sist har me tatt ein beslutning om at resten av andre etasje må vente, det blir for dyrt å ta det med eingong, det må me berre innsjå. Badet kosta litt meir enn det som var tenkt, så no må me rett og slett spare litt, så byrjar me på att neste sommar. Då har me kjempegod tid til å planlegge korleis me skal gjere det der.
Det er litt me tenkjer at me må prioritere, som til dømes ny ytterdør då den me har no er gammal og lekk kald luft som ei sil. Det er og eit par vindauger i andre etasje som bør byttast før vinteren, då dei er enkle.
Ellers har me mange rare dører her i dette huset. Idag har eg knipsa bilete av nokre av dei. Me har hatt den finaste døra hekta av i ein periode, så ikkje arbeidarane på badet skulle skade den, men det såg ut som den var blitt litt skeiv når den hadde stått opp etter veggen så lenge, så idag måtte me berre prøve å hekte den på igjen. Det gjekk heldigvis bra :)
|
Dette er døra me hekta på idag, heilt klart favoritten i huset. |
|
Her er andre sida av same dør. |
|
Denne døra fann me inni veggen, og den kjem nok til å bli bygga inn att på sikt. |
|
Det same gjeld denne, som eg eigentleg vil bruke som soveromsdør på vårt kommande soverom. Me får sjå :) |
|
To kvite dører. |
|
Denne er heller ikkje så verst. |
|
Og denne treng berre eit nytt handtak, så er den og i shipshape. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar