Eg ser at eg ikkje har blogga sidan onsdag, det var ikkje meininga, helga gjekk berre så fort denne gongen. Eg var som sagt heime hos mor, og det var superkjekt. Fekk vore litt med venninner, var på ein liten shoppingtur med mamma og spiste mykje god mat. Det oppsummerer vel det meste.
Igår var eg skikkeleg klar for å starte på ei ny veke, heilt til eg berre sov sånn fire timar inatt, og mandagen vart som dei fleste mandagar er: uuthaldeleg! Men, no har eg sove i TO timar, det var godt, og så har eg gjort litt husarbeid medan mannen har sparkla på gjestetoalettet. Så då var det ikkje så ille likevel, at me sov så lenge.
Det neste på planen vår no er gardinjakt. Me må skaffe oss nokre gardiner som kan halda lyset unna og som samtidig er litt fine. Eg tenkjer at me må ha noko rullegardin eller persienner av noko slag i tillegg, sidan mannen er ganske å lyssky når han skal sove, men eg veit ikkje kva som blir best. Eg er iallfall skikkeleg klar for å flytte inn på det STOOOORE soverommet, det blir digg.
|
Mamma og pappa har det så fint i hagen sin. |
|
Litt nostalgi må til :) |
|
Thomas gjer ting han ikkje kan. |
|
Men eg synes han er flink eg :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar