onsdag 18. juli 2012

SOL

For ein flott dag dette skulle bli, me har på ingen måte vore bortskjemde med fint vér denne sommaren, så det er vanvittig godt dei få gongene sola dukker opp. Idag har Thomas og Magnus gjort seg ferdige i boden, det blei vanvittig bra. Flinke er dei!

Så medan dei var fullt opptekne der heiv eg på meg treningsklede og jogga meg ein rolig tur her på Laksevåg. Eg har vore så slapp på treningsfronten den siste tida, eg prøver liksom å komme igong, men får det liksom ikkje heilt til. Så det er eit mål eg har for ferien, iallfall dei dagane eg er i Bergen skal starte med ei treningsøkt. :)

Det er berre sju arbeidsdagar igjen før eg sett kursen mot det blide sørlandet, eg skal først ein tur til Vennesla og besøke Veslemøy og familien hennar, det skal bli så godt å dei igjen alle saman, som eg saknar dei <3 Deretter går turen til Lillesand i ei veke. Etter det har eg to veker utan ein einaste plan, det er og ganske digg. Kanskje eg og mamma tar oss ein tur på hytta om det blir litt godt vér.

Eg planlegg jo eigentleg å rydde opp i den hekken utanfor her, eg føler den på ein måte ødelegg litt av heilhetsinntrykket når ein kjem opp til oss. Det fine huset, også blir det overskygga av den stygge hekken. Kvar dag når eg kjem heim etter jobb så tenkjer eg på det, at med ein LIK og FIN hekk så hadde det vore så eventyrleg flott. Men heilt ærleg talt så anar eg ikkje kor eg skal byrje, eg har ANTI-grønne hender og har bare så lite peiling på hagestell. Men ein lerar vel av å gjera, learning by doing eller noko slikt :) Eg satsar på at mannen i huset hjelp meg igong.

Meg, nydusja etter joggetur. Sitt og filosoferer litt i divanen min <3 




Ellers så har eg altså framleis ikkje greid å få knipsa dei bileta oppe, men dei kjem snart altså. Det er så mykje anna eg vil gjera enn å legga saman masse klede og sånn, hehe, men snart skal det skje. Eg vonar eg kjem til å keie meg LITT neste veke når Thomas reiser sørover, så då freistar det nok meir :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar