onsdag 11. juli 2012

KJEKSE

Eller Kjeksa som me seier på dialekt. Eg har ikkje kome meg så langt at eg har fått knipsa bilete oppe enda, utan å høyres ut som ein typisk blogger så er det eit par ting eg vil fikse på der oppe først. Men det vart veldig bra og me er strålande nøgde med vårt nye (store) soverom.

Det einaste me må få til litt betre er gardiner, det blei faktisk veldig fint, men det er ikkje heilt mørkt nok. Men deprimerande som det er så har jo faktisk sola snudd no, og me er på veg mot mørkare tider att, så det går seg vel til :)

Igår hadde me eit stort ryddeprosjekt på gong i andre etasje, så no har me endeleg eit presentabelt gjesterom og fått rydda litt generelt. Det er sjølvsagt mykje igjen å ta tak i der oppe (ein blir jo aldri ferdig) men det skal me ordne når helga kjem, og det gler eg meg til :)

Idag er Thomas ute å jobber i boden sin, medan eg har vore på kafè med jentene i byen :P Imorgon kjem ein kamerat av Thomas for å hjelpe å ordne litt i boden, så Thomas gjer ting litt klart idag. Han står på, alltid noko å gjera på. Flinke guten min :)

Sidan eg som sagt ikkje hadde bilete fra soverommet enda, tenkte eg å leggje ved nokre bileter fra turen me hadde på hytta forrige helg. Det er (hvertfall i mine auge) verkeleg paradis på jord  <3

Eg tøffar meg uti vatnet, men det var ganske kaldt :P

Thomas nede på plattingen med hytta vår i bakgrunnen, tenk, at den har pappa bygga heilt sjølv (nesten) :)

Brygga og "baien" :)

Brygga til naboen vår som me deler strand saman med og naustet til "dei over haugen".

Hoggormsteinen, ein gong me kom bort (for LENGE sidan) låg det ein hoggorm oppå her, sidan har me kalla den det.

Båten min, sju fot og fire hestar (eller er det omvendt?) :P

Litt meir av tomta vår :)

På andre sida av fjorden ligg Stord, det er godt å kunne sjå "heim" når ein er på hyttetur :) Før me fekk veg til hytta kjørte me båt over denne fjorden for å komme her, me hadde ei snekke som eg må innrømme eg saknar litt :)

Det er mange fine kveldar her borte :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar