torsdag 5. juli 2012

PROSJEKT BAD: FERDIG!

Eg må berre begklage at det går nokre dagar mellom innlegga for tida, det er mykje som skjer. Igår tok eg med meg to venninner og susa ut på IKEA, målet var nye gardiner. Me skal ikkje byrje på prosjekt "nytt soverom" før på sundag, men eg lurte mannen til å henga opp ei av tre rullegardiner igår. Det er ei mellombels løysing me skal ha der oppe no, så det er ikkje så farleg korleis det ser ut, men eg vart veldig nøgd med resultatet sjøv, så får me sjå om det blir like bra i praksis.

Idag har me stått på etter jobb, Thomas har mala vindaugspostane ute ein siste gong, kjørt litt meir boss til BIR og mala toalettet. Eg har støvsuga halve huset og vaska ut badet vårt som endeleg er ferdig. Snekkaren som me har venta på i over ei veke kom idag, då fekk han opp skap rundt VVB og ei benkeplate over der igjen, samt fekk han på plass vindaugskarmane. Det blei veldig bra og det føles godt at badet no er så godt som ferdig. No manglar me berre dører til dusjen, men dei kjem jo som sagt ikkje før i august.

Imorgon skal me reisa til Kjekse, som er der familien min har hytte. Me gler oss til herleg grillmat, familiehygge og hytteidyll. Det er så nydeleg der borte, eg skal ta med kamera mitt og forhåpentlegvis får eg knipsa nokre fine bilete. På vegen heim på laurdag skal me hente spisestue hos tanta og onkelen min på Stord, dei har kjøpt seg nytt og var så snille at dei ville gi oss det gamle, som slettes ikkje er så veldig gammalt :) Me er sjølvsagt takksame for det og no gler eg meg til mange gode middagar rundt eit stort bord. Sundagen skal me bruke til å gjer klart det nye soverommet, så bilete derfra kjem nok sundag kveld!

Nytt skap og benkeplate - det vart fint eller?

Vindaugskarm!!!

Herregud! Det ser nesten ut som ein katalog, så er det heime hos MEG? :)

Ny korg til toalettrullar (tips frå frua sjølv (fotballfrue)) :Ikea

Sett vekk ifrå at fargen er g r u s o m så vart det jo fint :)

Og så til det vakraste av alt: <3
Då ynskjer eg de ei flott helg, så bloggast me på laurdag :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar