søndag 8. juli 2012

SPISESTUE

Endeleg har me fått oss spisestue, og det vart så fint. Me hadde ein kjempefin tur på hytta, skulle gjerne vore der mykje lenger. Kjenner eg er vanvittig klar for ferie no, men det er framleis tre heile veker att, korleis skal ein komme seg gjennom dei? Thomas går på ferie ei veke før meg, me er absolutt ikkje så flinke til å time ferien vår, dette skjer nemleg kvart år :) Men det går eigentleg bra, me skal jo på ferie saman i september og så får me ei veke saman i Lillesand no. Eg vonar det blir ei keisam veke her i det store huset utan han, men eg får ta ein tur på hytta til mamma og pappa igjen så er det plutseleg berre fire netter til eg har ferie sjølv. Ferie. Ferie. Ferie.

På veg heim frå hytta henta me som sagt desse møblane hos tanta og onkelen min. Me demonterte bordet, slik at me ikkje skulle få problemer med å få det inn her i Bergen (litt smalare dører her) og det er eg glad for, det var nemleg sjukt tungt. Men me fekk det inn, og Thomas monterte det utan problem og no står det så flott på plassen sin. Det har jo vore tomt der nokre månader no så det var skikkeleg fint å få noko der igjen, så kjennes alt litt meir heilheitsleg ut.

Ellers har me såvidt komt igong med prosjekt "nytt soverom". Me kom ikkje så langt som me hadde tenkt idag, men det er igrunn min feil for eg fekk litt trøbbel då eg skulle legga opp gardinene så eg måtte berre ta ein god pause (les: to timar). Men då eg kom opp att etterpå gjekk det som ein draum og alle gardinene er no på plass. Då gjenstår berre det kjekke som Thomas seier, nemleg å rydde ut av rommet, vaske, for så å rydde inn att tinga på rommet og så hente inn senga. Kjenner eg oss rett tar det sikkert nokre dagar til :)

Eg har sett meg ut eit teppe på IKEA som eg skal ha her, i lys beige, eg tenker å finne puter til stolane i same farge samt kanskje ein løper til bordet. Det trur eg blir veldig fint :)


Litt pynt. Flaske: IKEA. Krukker: Søstrene Grene.

Eg elskar roser i denne fargen og det er ikkje ofte eg greier å gå forbi Mester Grønn på Laksevåg Senter utan å plukke med meg ein bukett :)

Den nydelege lysekrona Thomas kjøpte til oss. Pappa skal komme å hjelpe oss å flytte den slik at den kjem over midten på bordet :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar