søndag 20. mai 2012

VÅR I NYGJERDET

For eit nydeleg vér det er her idag, og dei har meldt like bra om ikkje betre heile veka som kjem. Det er glede på jord for oss Bergensarar altså. Det har vore så grått her oppe i Bergen så lenge no at eg nesten ikkje kan hugse korleis sola verken ser eller kjennast ut lenger. Ein skulle jo gjerne hatt ein tur på fjellet idag, men eg trur det får vente.

Idag har me endeleg sove litt frampå, heilt til klokka var elleve, det var fint. Så no er me opplagde og klare for ein ny dag i vakre Nygjerdet. Planen for dagen er å teste tven i kjellaren, gjer oss ferdig med forbereiinga til badet samt å rydde/støvsuge meir i huset. Imorgon skal det jo framande menneske inn i huset vårt og då er det jo viktig at dei får eit godt førsteinntrykk av oss.

Det byrjar endeleg å verta grønt ute no, tulipanane blomstrar og trea spring ut. Det er den beste tida i året meinar eg, når våren endeleg kjem etter mange månadar med venting.

Eg kjem tilbake ikveld med litt meir om dagen vår, for no får de kosa dykk med litt bilete frå våren i Nygjerdet :)


Fra hagen.
Fra trappa/inngongspartiet.
Nydeleg og grønt. Her kjem me nok til å sitte mykje i sommar, og nyte sola og livet <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar