fredag 18. mai 2012

NYE VINDAUGER, GAMALT GOLV

Hei alle saman! Gjett om me har hatt ein super dag i Nygjerdet idag. Me tok oss fri frå arbeid begge to, så me har hatt god tid til å gjera mykje med huset. Me starta dagen allereie i sjudraget, då var det frukost og jobbing for min del, medan Thomas og snekkaren jobba med vindauga.

Då klokka nærma seg ti tok me turen bort til Oswald Jørs for å signere kontrakt, eg gler meg skikkeleg til dei kjem igong her no. Sluttdatoen er satt til 25 Juni, litt seinare enn eg hadde håpa, det betyr jo 25 dagar utan bad eller moglegheit for å vaske klede. Me får hive skittenkleda i bilen og kjøre heim til Stord i helgene, så får me iallfall dusja tre dagar i veka? Neida, det ordnar seg nok.

Ein tur på BIR har me og rukke, kasta litt meir boss. Bilen er full igjen allereie, det vil ingen ende ta dette her altså, hehehe. Me har lånt oss litt utstyr og denne helga, til å hakke opp sementen på det gamle badet oppe, og til å sage litt greit enkelte plassar i samband med golvet. Me har såvidt byrja å rive opp golvet og idag, kjempeartig. Imorgon får Thomas hjelp av ein kollega, så då tenkjer eg dei kjem langt.

Då mine arbeidsoppgåver var over oppe tok eg meg ein tur ned for å rydde og vaske litt, det var på tida for å sei det slik. No kjenns det godt og eg trur me trygt kan ta fredagskveld med god samvit no. På menyen ikveld står det grønnsaksgrateng med kyllingfilèt til, og ikkje minst noko godt i glaset.

Her kjem litt bilete frå dagen vår :)


Tre nye vindauger på plass.
Frøken i akjson, plukka ut spiker frå veggane. Passeleg oppgåve for meg :)
Kosar meg!
Thomas igong med golvet.
Her ser de kva type glas med har i vindauga, dei er like alle tre. Frosta glas, det blei kanonbra! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar