torsdag 3. mai 2012

KORT VEKE

Dette har vore ei kort veke, det er fredag igjen allereie imorgon og det er jo ikkje feil. Eg skal jobbe på Rema 1000 på laurdag, men det minker på vaktene der og no, så eg prøver å tenkje positivt på det.

Dette har vore ei flott, men dog ganske sløv veke. Eg har fokusert på arbeid og trening, og litt på badet sjølvsagt :) Imorgon skal me i møte med dei som skal laga badet til oss, det blir spanande! Me skal gå gjennom ein del detaljar og planlegge litt når og korleis. Eg skal innrømma eg synes det heile er litt skummelt og, det er mykje pengar det er snakk om her, og eg berre håpar me har gjort riktig val. Det ser og ut som me må leva tre/fire veker utan bad, det kan jo vera ein prøvelse både for den eine og den andre. Men me har heldigvis fleire toalett i huset, så får me berre gå mykje på besøk til vener og bomme litt varmtvatn der. Pluss at eg har jo treningssenteret og, så det skal helst gå bra! :)



Den vakre byen vår. Eg kan faktisk sjå huset mitt frå denne utsikta! (Bildet tatt på Stoltzen idag)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar