søndag 20. mai 2012

DET ER KLART

No har me gjort det me kan for at alt skal vera klart for arbeidarane imorgon. Thomas har vert så vanvittig flink, eg får ikkje sagt det nok. Han og kompisen fekk gjort mykje igår, hakka vekk all betongen som låg i den gamle dusjen samt fekk dei reve mesteparten av golvet, og kjørt ein tur med enda meir boss.

Det som var igjen å gjera idag var litt småting som å finne ut kor røyra går nedover, fjerne siste rest av golvet og å kosta opp ein god del av kolet(?) som ligg som isolasjon i det gamle golvet. Ein del av det lar me berre liggja att, men noko må bort slik at dei får lagt ned røyra.

Eg trur ikkje det er mykje igjen me kunne gjort no, så blir det spanande å sjå kva dei seier når dei kjem imorgon tidleg.


Slik ser det ut her. Bjelkelaget med kol i mellom.
Det fantastiske røyrsystemet.
Slik ser det ut i sin heilheit, vakkert? :)
Ein pause i den vakre sola med kvar vår smoothie måtte me ha.
Fra gjestetoalettet.

2 kommentarer:

  1. Dåkkar e så flinke! Styrer på og får ting gjort! Knalldyktige! =)
    -Anita-

    SvarSlett