mandag 7. mai 2012

ENDELEG!

Idag har me vore på Odin Flis og sett på fliser til badet vårt. Me har jo vore på mange ulike butikkar no, og eg hadde nesten gitt litt opp, for det er jammen ikkje enkelt å velja ut noko. Eg synes for det første at det er så utruleg vanskeleg å sjå for seg korleis fargane blir saman, og ikkje minst storleiken på flisene. Det andre er pris, me har jo fått ein pris å gå etter i forhald til tilbodet vårt, men det er ingen fliser me har sett på til no som koster så lite. Dette var og litt av grunnen til at me tok turen heilt til Midtun idag, for her kunne kanskje firmaet me bruker hente litt på pris, men me får sjå.

Me kom inn der idag, kvart over fire, dei stengte klokka fem, og me var einige om at idag var dagen det endeleg skulle skje noko. Etter å ha gått ein runde å kikka på eigenhand fekk me tak i ein som jobba der. Mine ord til han var noko som dette; kan du selja oss nokre fliser? Me greier ikkje bestemma oss sjølve. Og jaggu tok han meg på ordet, denne guten kunne faget sitt godt, me fekk mykje betre hjelp her enn me har fått på nokon av dei andre butikkane me har vore i. Han gjekk tolmodig rundt med oss i ein halv time og viste oss den eine flisa etter den andre. Og henta på vareprøvar så me kunne sjå dei saman og det som verre er.

Tilslutt endte me opp med kvite veggfliser 20x50cm, dei var litt spesielle med ein form for striper, me falt for noko liknande hos Norflis, men der var stripene litt raudlege, og prisen var hinsides. Så me slo igrunn frå oss dei, så når me såg desse idag vart me eigentleg fort einige om at det var dei me ville ha. Så har me jo snakka om å bryte litt med noko anna i dusjen, enten mosaikk, eller ein anna farge på den eine veggen, og me endte opp med like fliser, men i ein litt mørkare grå tone på langveggen inne i dusjen. På golvet blir det mørke fliser, 25x25, slik at dei akkurat skal passe saman med veggflisene. Eg veit ikkje heilt kva som er vanleg, men eg ser for meg det kan vera fint at veggfugene og golvfugene samsvarar litt.

Så idag har me etter mange timar med leiting og tenking bestemt oss for fliser til badet. Endeleg!
Veggflisa. Blir nok eindel betre med desse fine flisene enn den grøne veggen :)
Nøgd jente. Her ser de begge flisene saman.
Golvflisa er litt mørk, men me har tru på at det skal fungere i praksis. Me holdt nesten på å ende opp med skikkeleg blanke fliser, men heldigvis greide butikkmannen og overtale oss til å ta nokon matte istaden.
Den mørke flisa som skal bryte litt med det kvite. Kva synes de? Kan dette fungere? :)

2 kommentarer:

  1. det blir knall! dette kan dere--gøy å se så bli ei jente!Hilsen sørlandet

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig fornøyd når me endelig greide å finna flisene me ville ha :D Så no blir da nåken spennande veker med å bygga opp eit heilt bad, eg gler meg storveis :D:D

      Slett