Idag våkna me jaggu opp til snø her i Bergen, eg har lest på internett at det har vore tilfelle hos mange andre også. I heile dag har det veksla mellom opplett, regn og haggel, akkurat slik ein maidag skal vera, eller?
Det har vore ein flott sundag då, har ikkje vore ute på galeien i det heile tatt og vakna frisk og opplagt idag. Har fått vaska litt i heimen og gjort litt anna forefallande husarbeid samt hatt ei super treningsøkt saman med godaste Kristina. Då har eg faktisk lagt bak meg heile fem treningsøkter denne veka, det er ikkje verst!
Kjenner eg er skikkeleg klar for ei ny veke no, til helga som kjem skal eg heim til Stord, og der har eg ikkje vore sidan Jul, så det skal bli fint. Treffe alle dei fine venninnene mine igjen og ikkje minst familien. Så har eg lova mamma at eg skal sjå litt over tinga mine og, eg har einDEL greier som ligg og sleng rundtom i Kleivane og det er vel på tida at eg ser gjennom det og tar med meg det eg vil ta vare på til Bergen. Eg kan iallfall ikkje skulda på plassmangel lenger. :)
Håper alle får ein fin start på ei ny veke. Imorgon skal me ut å sjå på fliser igjen, så følg med!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar