mandag 14. mai 2012

LILLA

Medan eg var heime i helga, så stod guten på her i Bergen. Flink er han! Det går unna og idag har me vore på BIR og kasta ein full bil for endte gong sidan me starta for fire og ein halv månad sidan.

Thomas har rive av gips og baderomsplater på det gamle "badet" i andre etasje og bak dei skjulte det seg ein lilla(!) vegg. Det har vore mykje løye her i dette huset, det skal vera sikkert:)

Imorgon er det jobbedag, men no er det berre to veker og fem vakter igjen så er 1. Juni her og livet kan roe ned ein smule for både meg og Thomas. Det gler me oss til.

Her kjem litt bilete av arbeidet så langt:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar