tirsdag 1. mai 2012

1.mai 2012

Idag er det første mai, og det er heile FIRE månadar sidan me overtok dette vakre huset. På ein måte kjenns det ut som eg har budd her alltid, eg føler meg så heime her. På den andre sida har tida gått utruleg fort, og eg føler me har fått gjort så mykje her allereie.

Me sov heilt til klokka var halv to idag, er det mogleg liksom? Det vart litt seint igår og, så eg orka ikkje stille klokka og tenkte at eg sikkert våkna av meg sjølv i ti-tida likevel, den gong ei. Så eg gav opp umiddelbart og berre avlysa dagens planar, for me hadde jo eindel me skulle gjer her i huset, og det er det som må prioriterast.

Dei siste dagane har det vore heilt nydeleg ver her i Bergen, og det er godt å sjå at me har litt sol på eigedomen vår og, det har me vore spente på. Det kan sjå ut som sola kjem i hagen vår på formiddagen eingong og forsvinn derfrå rundt klokka seks på ettermiddagen, då går den rundt på andre sida ei lita stund. Herleg. Our very own little peace of land <3


TruckførarKongen Thomas :)
Ein av dagens gjeremål var å henta vindauge på XL-bygg, sjølvsagt til badet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar