onsdag 23. mai 2012

INNBROT

Ja, som sikkert monge har fått med seg var eg så heldig at eg hadde innbrot i bilen min medan eg var på jobb igår kveld. Eg var sliten igår, hadde ein møkkadag på jobb og kom ut då klokka var 23.30 for å oppdage at to av vindauga mine var knust og lommeboka mi var vekk. Typisk det, at den eine dagen eg har noko synleg i bilen, då skjer det. Men stereoen og treningsbagen hadde dei latt liggje igjen, i bagen hadde eg jo ei pulsklokke verdt 1500 kr, det visste jo ikkje dei.

Heldigvis hadde eg ikkje noko verdisaker i den lommeboka, begge bankkorta mine hadde eg i veska mi inne i butikken. Men det er alltid keisamt å måtte ordne seg nytt førarkort, treningskort, nettbankkoder samt har eg mista solkorta mine. Og for ikkje å snakke om bilete som eg har hatt i åresvis av vennar og kjærast, dei får eg ikkje att. Dustefolk. Det har seg jo og slik at det koster penger å setje inn nye vindauger, så det var vel det som var det mest irriterande, og poenget med å knuse TO ruter, det skjønar eg ikkje. Menmen, bilen er allereie fiksa no, og det heile kan snart berre bli eit keisamt minne.

Over til hyggelegare ting så har eg hatt ein superduper dag idag då. Thomas hadde jo som nemnt sendt meg avgårde på shopping og til frisøren, han er så god. Så no er eg nokre klede rikare og fresh på håret att, herleg.

Det er ikkje så mykje progresjon på baderomsfronten enda, men det kjem seg nok utover neste veke. :)



Dette var synet som møtte meg....
Dei har tydelegvis bomma i forsøket...
Og dette var vel berre på pur...
Men idag er det ny dag og nye moglegheitar, og ny frisyre! Endeleg fekk guten vilja si, dette har han venta på LENGE :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar