Beklager mitt fråver, men det er så mykje for tida, dagane fyk bokstaveleg talt avgårde. Men no har me endeleg gått inn i den siste veka med stress og tidsklemme, før me kan slappa litt av igjen. Det blir så fint:)
Berre for å oppsummere litt så har eg jobba 64timar forrige veke, frå mandag til laurdag. I tillegg til dette satt eg med regnskapet til korpset ein kveld, så var det dette med bilen og alt det medførte med besøk i div. bankar og politihus. Det er ikkje mykje rom for å leve nei, hehe, men det er berre fire dagar att no. Fire korte dagar, som kjem til å gå som ein vind.
Igår tok me oss ein velfortjent fridag med biltur, det var riktig så koseleg. Me må jo hugsa på å pleie kjærleiken litt og<3 På vegen plukka me og opp ein nydeleg sjeselong, den treng litt rehabilitering, men tenk så vakker den kan bli. Dersom nokon er gode på møbelsnekring/fiksing - ver ikkje redde for å ta kontakt:D
|
Er den ikkje flott?? Den er omlag 100 år gammal, og me kunne ikkje la denne gå forbi. |
|
Hejhej! |
|
Det vakre landet vårt <3 |
|
Litt mat må ein ha på vegen :D |
|
Så må ein jo fjase litt når ein ventar på ferja! :D |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar