Heihei alle! Eg kjem ikkje over det nydelege vèret me har for tida, det er heilt uvirkeleg. Eg har ikkje hatt så mykje tid i sola enda da, men det er fantastisk å berre veta at ho er der.
Igårkveld fekk me henta bilen og, det var stas. Den er nesten så god som ny, eg må berre støvsuge den litt meir. Dei hadde faktisk støvsuga litt dei som skifta glasa, men det måtte dei vel nesten. Det er framleis litt glas igjen her og der då, så det får bli eit prosjekt for helga som kjem. Sjølv om me har mange, mange andre planar og då. Me må vaske ein haug med klede, vaske kjellaren, vaske huset, eg skal jobbe på Rema, pluss litt på BE om eg finn tida til det. Så det er absolutt nok å gjer. :) Heldigvis er ikkje 1. Juni så langt unna lenger. Og plutseleg fann eg ut at eg snart har bursdag og, då må eg jo bake ei kake og invitere litt folk, det blir kjekt.
Ellers har eg hatt ein lang dag på jobb idag, så tok eg meg ein tur til byen for å få nye bankkodar til nettbanken for korpset, samt å ta meg ein tur til politiet, måtte få meg mellombels kjøreløyve, kan jo nesten ikkje køyre rundt utan heller. Ein må følgje loven.
For ein drøy time sidan ringte det på døra her og, plutseleg fekk me levert ein blom til huset. Eg vart jo heilt rørt, det er jo slettes ikkje kvardags. Så tusen takk for dei :D
No er det å lade opp til ein ny lang dag imorgon, slett ikkje lenge til eg finn senga, utslitt :)
|
Ny rute! :D |
|
Tett-i plater til badet vårt :) |
|
Enda ei ny rute. |
|
Rhododendron i blomst :) |
|
Dør til baderommet! |
|
Ein nydeleg blomebukett <3 |
|
Og eg har framleis PANNELUGG, og det er rart! :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar