Idag var me på møte hos Oswald Jørs, som skal laga badet vårt for oss. Det gjekk kjempebra og me har fått oppstartsdato 21. mai. Dei hadde det travelt om dagen, og han hadde satt av den datoen til oss dersom me ville bruke dei, ellers var det ikkje ledig før i september, så me var heldige med den. Me er ikkje akkurat superkeen på å vente noko særleg lenger enn me må.
Så gjekk me gjennom monge store og små detaljar til baderommet. Me må plukke ut blandebatteri til både dusj og vask, kva slags sluk me vil ha i dusjen, kva slags toalett vil me ha, og litt større ting som kva slags fliser me vil ha. Han anbefalte oss å ta turen til Flisekompaniet, eller til Odin, der hadde dei litt samarbeid, så då får me i første omgong ta turen der å kikke litt. Kva slags fliser blir ein IKKJE lei av om to år liksom? Det er ikkje godt å veta. :)
Så no har me to veker på oss til å riva ferdig oppe på badet, Thomas skal ha to eksamenar og eg skal jobbe på Rema to av laurdagane pluss tirsdagane framover. Det er deilig å ha nok å gjer på iallfall.
Eg må seie at eg gler meg MAX til juni, då har eg kun ein jobb å forhalda meg til, baderommet er ferdig (hvertfall mot midten/slutten av Juni) og eg kan berre fokusera på trening! Eg er i skikkeleg treningsmodus igjen no, og gler meg sånn til å komma igong, berre eg blir ferdig med Rema snart. Ellers håper eg me skal få til ein sørlandstur i Juni eingong og, saknar familien der nede no, me har ikkje vore der sidan Desember, og det var berre ein kort tur :) I tillegg så har jo to av mine beste jenter flytta sørover og, så eg gler meg til å sjå korleis dei har fått det i sine nye heimar. Mykje å sjå fram til mot sommaren med andre ord! Sjølv om eg kosar meg ganske mykje no og, det skal jo vera sagt. Livet er verkeleg flott for tida, det er så kjekt med eige hus!!! :D
|
Me tenkjer på å ha ein sluk som dette. |
|
Men den finns i fleire varianter. |
|
Som sagt så er det ikkje berre ein ting. |
|
Sånn ser den ut i bruk. Mykje betre enn ein keisam firkant midt på golvet, enig? :) |
Kom kom kom på besøk!!
SvarSlettLikte best sluk nr 1 :-P