torsdag 17. mai 2012

GRUNNLOVSDAGEN

Gratulerer med dagen alle gode nordmenn. No har eg feira dagen med det vanlege, nemleg korspsspeling. Det har vore ein flott dag, regnet haldt seg nesten heilt unna, og spelinga gjekk bra! Me har to speleoppdrag på 17. mai, det første er hovedprosesjonen her i Bergen og det andre er saman med ein barneskule her på Laksevåg. Det er nokre år sidan me var like mange i Larmonien som det me er no, idag var det faktisk tre stykker som ikkje kunne og likevel gjekk det kjempebra.

Det er ei sliten jente som sit her no, men det er absolutt verdt det, så kjekt å feira dagen med alle mine flotte korpsvener. Straks skal eg inn til byen igjen, no er det middag med jentene som står på menyen.

Medan me andre er ute og feirar grunnlovsdagen så er mannen heime i huset og jobbar. Imorgon får me besøk av ein snekkar som skal skifte vindauga oppe, så akkurat no er det to vindauger i manko. Håpar det ikkje vert for kaldt til natta no då :P


Det vakre huset vårt, ser litt amputert ut ja :)
Me har lagt papp i trappeoppgangen, me må jo prøve å bevare den nydelege trappa vår gjennom alt arbeidet her dei kommande vekene.
Ein kamerat av Thomas i full gong her idag.
Med armen utafor.

3 kommentarer:

  1. Kjekt å se alt vi har gjort. Jeg og har lett for å si det... Ikke det at ikke alle bidrar hver på sin måte. Dere kommer til å få det råflott på det nye badet deres.

    SvarSlett
  2. Heheh enig med mor her ;) men så lenge Cathy baker litt rullekake i ny og ne så får det være greit ;)
    Thomas

    SvarSlett