mandag 28. mai 2012

BLOMAR OG BAD

Forresten så er det lenge sidan det har kome noko oppdatering angåande badet vårt, dette av den enkle grunn at det ikkje har skjedd noko der enda. På grunn av ein skogbrann på Sotra så har røyrleggjaren som skulle ha jobba her vore oppteken. Det skulle vise seg at han var i sivilforsvaret og vart kalla inn som hjelpemannskap, det må ein jo bare respektere. Men dei skal bli ferdige innen fristen likevel seier dei :)

Ellers testar eg ut noko nytt på biletfronten no. Slik at bileta mine kan verta litt meir spanande. Det første motivet blir dei ulike typane Rhododendron me har i hagen, berre for å teste litt! Imorgon er siste vakt på Rema 1000, wish me luck:)

LITT STRESSA?

Beklager mitt fråver, men det er så mykje for tida, dagane fyk bokstaveleg talt avgårde. Men no har me endeleg gått inn i den siste veka med stress og tidsklemme, før me kan slappa litt av igjen. Det blir så fint:)

Berre for å oppsummere litt så har eg jobba 64timar forrige veke, frå mandag til laurdag. I tillegg til dette satt eg med regnskapet til korpset ein kveld, så var det dette med bilen og alt det medførte med besøk i div. bankar og politihus. Det er ikkje mykje rom for å leve nei, hehe, men det er berre fire dagar att no. Fire korte dagar, som kjem til å gå som ein vind.

Igår tok me oss ein velfortjent fridag med biltur, det var riktig så koseleg. Me må jo hugsa på å pleie kjærleiken litt og<3 På vegen plukka me og opp ein nydeleg sjeselong, den treng litt rehabilitering, men tenk så vakker den kan bli. Dersom nokon er gode på møbelsnekring/fiksing - ver ikkje redde for å ta kontakt:D
Er den ikkje flott?? Den er omlag 100 år gammal, og me kunne ikkje la denne gå forbi.
Hejhej!
Det vakre landet vårt <3
Litt mat må ein ha på vegen :D
Så må ein jo fjase litt når ein ventar på ferja! :D

torsdag 24. mai 2012

SUN IS SHINING

Heihei alle! Eg kjem ikkje over det nydelege vèret me har for tida, det er heilt uvirkeleg. Eg har ikkje hatt så mykje tid i sola enda da, men det er fantastisk å berre veta at ho er der.

Igårkveld fekk me henta bilen og, det var stas. Den er nesten så god som ny, eg må berre støvsuge den litt meir. Dei hadde faktisk støvsuga litt dei som skifta glasa, men det måtte dei vel nesten. Det er framleis litt glas igjen her og der då, så det får bli eit prosjekt for helga som kjem. Sjølv om me har mange, mange andre planar og då. Me må vaske ein haug med klede, vaske kjellaren, vaske huset, eg skal jobbe på Rema, pluss litt på BE om eg finn tida til det. Så det er absolutt nok å gjer. :) Heldigvis er ikkje 1. Juni så langt unna lenger. Og plutseleg fann eg ut at eg snart har bursdag og, då må eg jo bake ei kake og invitere litt folk, det blir kjekt.

Ellers har eg hatt ein lang dag på jobb idag, så tok eg meg ein tur til byen for å få nye bankkodar til nettbanken for korpset, samt å ta meg ein tur til politiet, måtte få meg mellombels kjøreløyve, kan jo nesten ikkje køyre rundt utan heller. Ein må følgje loven.

For ein drøy time sidan ringte det på døra her og, plutseleg fekk me levert ein blom til huset. Eg vart jo heilt rørt, det er jo slettes ikkje kvardags. Så tusen takk for dei :D

No er det å lade opp til ein ny lang dag imorgon, slett ikkje lenge til eg finn senga, utslitt :)




Ny rute! :D
Tett-i plater til badet vårt :)
Enda ei ny rute.
Rhododendron i blomst :)
Dør til baderommet!
Ein nydeleg blomebukett <3
Og eg har framleis PANNELUGG, og det er rart! :)

onsdag 23. mai 2012

INNBROT

Ja, som sikkert monge har fått med seg var eg så heldig at eg hadde innbrot i bilen min medan eg var på jobb igår kveld. Eg var sliten igår, hadde ein møkkadag på jobb og kom ut då klokka var 23.30 for å oppdage at to av vindauga mine var knust og lommeboka mi var vekk. Typisk det, at den eine dagen eg har noko synleg i bilen, då skjer det. Men stereoen og treningsbagen hadde dei latt liggje igjen, i bagen hadde eg jo ei pulsklokke verdt 1500 kr, det visste jo ikkje dei.

Heldigvis hadde eg ikkje noko verdisaker i den lommeboka, begge bankkorta mine hadde eg i veska mi inne i butikken. Men det er alltid keisamt å måtte ordne seg nytt førarkort, treningskort, nettbankkoder samt har eg mista solkorta mine. Og for ikkje å snakke om bilete som eg har hatt i åresvis av vennar og kjærast, dei får eg ikkje att. Dustefolk. Det har seg jo og slik at det koster penger å setje inn nye vindauger, så det var vel det som var det mest irriterande, og poenget med å knuse TO ruter, det skjønar eg ikkje. Menmen, bilen er allereie fiksa no, og det heile kan snart berre bli eit keisamt minne.

Over til hyggelegare ting så har eg hatt ein superduper dag idag då. Thomas hadde jo som nemnt sendt meg avgårde på shopping og til frisøren, han er så god. Så no er eg nokre klede rikare og fresh på håret att, herleg.

Det er ikkje så mykje progresjon på baderomsfronten enda, men det kjem seg nok utover neste veke. :)



Dette var synet som møtte meg....
Dei har tydelegvis bomma i forsøket...
Og dette var vel berre på pur...
Men idag er det ny dag og nye moglegheitar, og ny frisyre! Endeleg fekk guten vilja si, dette har han venta på LENGE :)

søndag 20. mai 2012

DET ER KLART

No har me gjort det me kan for at alt skal vera klart for arbeidarane imorgon. Thomas har vert så vanvittig flink, eg får ikkje sagt det nok. Han og kompisen fekk gjort mykje igår, hakka vekk all betongen som låg i den gamle dusjen samt fekk dei reve mesteparten av golvet, og kjørt ein tur med enda meir boss.

Det som var igjen å gjera idag var litt småting som å finne ut kor røyra går nedover, fjerne siste rest av golvet og å kosta opp ein god del av kolet(?) som ligg som isolasjon i det gamle golvet. Ein del av det lar me berre liggja att, men noko må bort slik at dei får lagt ned røyra.

Eg trur ikkje det er mykje igjen me kunne gjort no, så blir det spanande å sjå kva dei seier når dei kjem imorgon tidleg.


Slik ser det ut her. Bjelkelaget med kol i mellom.
Det fantastiske røyrsystemet.
Slik ser det ut i sin heilheit, vakkert? :)
Ein pause i den vakre sola med kvar vår smoothie måtte me ha.
Fra gjestetoalettet.

VÅR I NYGJERDET

For eit nydeleg vér det er her idag, og dei har meldt like bra om ikkje betre heile veka som kjem. Det er glede på jord for oss Bergensarar altså. Det har vore så grått her oppe i Bergen så lenge no at eg nesten ikkje kan hugse korleis sola verken ser eller kjennast ut lenger. Ein skulle jo gjerne hatt ein tur på fjellet idag, men eg trur det får vente.

Idag har me endeleg sove litt frampå, heilt til klokka var elleve, det var fint. Så no er me opplagde og klare for ein ny dag i vakre Nygjerdet. Planen for dagen er å teste tven i kjellaren, gjer oss ferdig med forbereiinga til badet samt å rydde/støvsuge meir i huset. Imorgon skal det jo framande menneske inn i huset vårt og då er det jo viktig at dei får eit godt førsteinntrykk av oss.

Det byrjar endeleg å verta grønt ute no, tulipanane blomstrar og trea spring ut. Det er den beste tida i året meinar eg, når våren endeleg kjem etter mange månadar med venting.

Eg kjem tilbake ikveld med litt meir om dagen vår, for no får de kosa dykk med litt bilete frå våren i Nygjerdet :)


Fra hagen.
Fra trappa/inngongspartiet.
Nydeleg og grønt. Her kjem me nok til å sitte mykje i sommar, og nyte sola og livet <3

fredag 18. mai 2012

NYE VINDAUGER, GAMALT GOLV

Hei alle saman! Gjett om me har hatt ein super dag i Nygjerdet idag. Me tok oss fri frå arbeid begge to, så me har hatt god tid til å gjera mykje med huset. Me starta dagen allereie i sjudraget, då var det frukost og jobbing for min del, medan Thomas og snekkaren jobba med vindauga.

Då klokka nærma seg ti tok me turen bort til Oswald Jørs for å signere kontrakt, eg gler meg skikkeleg til dei kjem igong her no. Sluttdatoen er satt til 25 Juni, litt seinare enn eg hadde håpa, det betyr jo 25 dagar utan bad eller moglegheit for å vaske klede. Me får hive skittenkleda i bilen og kjøre heim til Stord i helgene, så får me iallfall dusja tre dagar i veka? Neida, det ordnar seg nok.

Ein tur på BIR har me og rukke, kasta litt meir boss. Bilen er full igjen allereie, det vil ingen ende ta dette her altså, hehehe. Me har lånt oss litt utstyr og denne helga, til å hakke opp sementen på det gamle badet oppe, og til å sage litt greit enkelte plassar i samband med golvet. Me har såvidt byrja å rive opp golvet og idag, kjempeartig. Imorgon får Thomas hjelp av ein kollega, så då tenkjer eg dei kjem langt.

Då mine arbeidsoppgåver var over oppe tok eg meg ein tur ned for å rydde og vaske litt, det var på tida for å sei det slik. No kjenns det godt og eg trur me trygt kan ta fredagskveld med god samvit no. På menyen ikveld står det grønnsaksgrateng med kyllingfilèt til, og ikkje minst noko godt i glaset.

Her kjem litt bilete frå dagen vår :)


Tre nye vindauger på plass.
Frøken i akjson, plukka ut spiker frå veggane. Passeleg oppgåve for meg :)
Kosar meg!
Thomas igong med golvet.
Her ser de kva type glas med har i vindauga, dei er like alle tre. Frosta glas, det blei kanonbra! :)

torsdag 17. mai 2012

GRUNNLOVSDAGEN

Gratulerer med dagen alle gode nordmenn. No har eg feira dagen med det vanlege, nemleg korspsspeling. Det har vore ein flott dag, regnet haldt seg nesten heilt unna, og spelinga gjekk bra! Me har to speleoppdrag på 17. mai, det første er hovedprosesjonen her i Bergen og det andre er saman med ein barneskule her på Laksevåg. Det er nokre år sidan me var like mange i Larmonien som det me er no, idag var det faktisk tre stykker som ikkje kunne og likevel gjekk det kjempebra.

Det er ei sliten jente som sit her no, men det er absolutt verdt det, så kjekt å feira dagen med alle mine flotte korpsvener. Straks skal eg inn til byen igjen, no er det middag med jentene som står på menyen.

Medan me andre er ute og feirar grunnlovsdagen så er mannen heime i huset og jobbar. Imorgon får me besøk av ein snekkar som skal skifte vindauga oppe, så akkurat no er det to vindauger i manko. Håpar det ikkje vert for kaldt til natta no då :P


Det vakre huset vårt, ser litt amputert ut ja :)
Me har lagt papp i trappeoppgangen, me må jo prøve å bevare den nydelege trappa vår gjennom alt arbeidet her dei kommande vekene.
Ein kamerat av Thomas i full gong her idag.
Med armen utafor.

mandag 14. mai 2012

LILLA

Medan eg var heime i helga, så stod guten på her i Bergen. Flink er han! Det går unna og idag har me vore på BIR og kasta ein full bil for endte gong sidan me starta for fire og ein halv månad sidan.

Thomas har rive av gips og baderomsplater på det gamle "badet" i andre etasje og bak dei skjulte det seg ein lilla(!) vegg. Det har vore mykje løye her i dette huset, det skal vera sikkert:)

Imorgon er det jobbedag, men no er det berre to veker og fem vakter igjen så er 1. Juni her og livet kan roe ned ein smule for både meg og Thomas. Det gler me oss til.

Her kjem litt bilete av arbeidet så langt:

lørdag 12. mai 2012

RIVING

Vel heime på Stord, og gjett om eg kosar meg! Alt for lenge sidan eg var her sist. Igår var eg ute ein tur med jentene, og det var så vanvittig kjekt. Me dansa og kosa oss heilt til det stengte faktisk. Utelivet på Stord er jo så som så, og me hadde heile dansegolvet for oss sjølve, men me klagar ikkje på det sjølvsagt.  Og då me skulle heim, var det seriøst berre ein taxi som henta folk som faktisk stod i kø, me såg mange andre taxiar rundtom, men dei kom aldri opp å henta i køen. LOL :)

Snart er det rydding i skuffer og skap her heime, men først ein tur på kafé :)

Og medan eg er heime og kosar meg, står mannen på i Bergen.


Toalettet, vasken og dusjen BORTEVEKK.
Så no har me 9 dagar på å fjerne denne veggen OG hakke opp betongen på baderomsdelen OG fjerne treborda på "kjøkkenet" pluss fjerne noko av grusen som ligg under der. Good Luck Chuck! :)

onsdag 9. mai 2012

SMÅTT OG STORT

Ja, halvvegs i ei ny veke, eg har jobba fire vakter, og har tre vakter igjen før det er helg. Sju vakter på fem dagar. Ivrig, sa du? Det som driv meg er ei etterlengta helg heime på Stord, det skal bli så fint :)

Imorgon skal Thomas ha årets første eksamen, han er så flink altså. Eg er sikker på at det kjem til å gå kjempefint! Etter eksamen skal han rett heim å møte ein røyrleggjar fra Oswald Jørs, han skal hjelpa oss å stenga ned røyra på badet i andre etasje, sånn at me kan byrje å rive der oppe. Eg kjenner eg byrjer å stresse litt no, det er berre 11 dagar til me må vera ferdige der oppe. Og for å sei det sånn, me har eindel å gjer  :)

Imorgon er det dobbelvakt og på fredag reiser eg direkte heim etter arbeid. Så me bloggast frå STORD :) Eg gler meg!

Eit forelska par som lev ut husdraumen :) Dette biletet er teke nede i utleigedelen, då me akkurat var ferdig med den, slitne, men meget nøgde og glade :)

mandag 7. mai 2012

ENDELEG!

Idag har me vore på Odin Flis og sett på fliser til badet vårt. Me har jo vore på mange ulike butikkar no, og eg hadde nesten gitt litt opp, for det er jammen ikkje enkelt å velja ut noko. Eg synes for det første at det er så utruleg vanskeleg å sjå for seg korleis fargane blir saman, og ikkje minst storleiken på flisene. Det andre er pris, me har jo fått ein pris å gå etter i forhald til tilbodet vårt, men det er ingen fliser me har sett på til no som koster så lite. Dette var og litt av grunnen til at me tok turen heilt til Midtun idag, for her kunne kanskje firmaet me bruker hente litt på pris, men me får sjå.

Me kom inn der idag, kvart over fire, dei stengte klokka fem, og me var einige om at idag var dagen det endeleg skulle skje noko. Etter å ha gått ein runde å kikka på eigenhand fekk me tak i ein som jobba der. Mine ord til han var noko som dette; kan du selja oss nokre fliser? Me greier ikkje bestemma oss sjølve. Og jaggu tok han meg på ordet, denne guten kunne faget sitt godt, me fekk mykje betre hjelp her enn me har fått på nokon av dei andre butikkane me har vore i. Han gjekk tolmodig rundt med oss i ein halv time og viste oss den eine flisa etter den andre. Og henta på vareprøvar så me kunne sjå dei saman og det som verre er.

Tilslutt endte me opp med kvite veggfliser 20x50cm, dei var litt spesielle med ein form for striper, me falt for noko liknande hos Norflis, men der var stripene litt raudlege, og prisen var hinsides. Så me slo igrunn frå oss dei, så når me såg desse idag vart me eigentleg fort einige om at det var dei me ville ha. Så har me jo snakka om å bryte litt med noko anna i dusjen, enten mosaikk, eller ein anna farge på den eine veggen, og me endte opp med like fliser, men i ein litt mørkare grå tone på langveggen inne i dusjen. På golvet blir det mørke fliser, 25x25, slik at dei akkurat skal passe saman med veggflisene. Eg veit ikkje heilt kva som er vanleg, men eg ser for meg det kan vera fint at veggfugene og golvfugene samsvarar litt.

Så idag har me etter mange timar med leiting og tenking bestemt oss for fliser til badet. Endeleg!
Veggflisa. Blir nok eindel betre med desse fine flisene enn den grøne veggen :)
Nøgd jente. Her ser de begge flisene saman.
Golvflisa er litt mørk, men me har tru på at det skal fungere i praksis. Me holdt nesten på å ende opp med skikkeleg blanke fliser, men heldigvis greide butikkmannen og overtale oss til å ta nokon matte istaden.
Den mørke flisa som skal bryte litt med det kvite. Kva synes de? Kan dette fungere? :)

søndag 6. mai 2012

SNØ I MAI?

Idag våkna me jaggu opp til snø her i Bergen, eg har lest på internett at det har vore tilfelle hos mange andre også. I heile dag har det veksla mellom opplett, regn og haggel, akkurat slik ein maidag skal vera, eller?

Det har vore ein flott sundag då, har ikkje vore ute på galeien i det heile tatt og vakna frisk og opplagt idag. Har fått vaska litt i heimen og gjort litt anna forefallande husarbeid samt hatt ei super treningsøkt saman med godaste Kristina. Då har eg faktisk lagt bak meg heile fem treningsøkter denne veka, det er ikkje verst!

Kjenner eg er skikkeleg klar for ei ny veke no, til helga som kjem skal eg heim til Stord, og der har eg ikkje vore sidan Jul,  så det skal bli fint. Treffe alle dei fine venninnene mine igjen og ikkje minst familien. Så har eg lova mamma at eg skal sjå litt over tinga mine og, eg har einDEL greier som ligg og sleng rundtom i Kleivane og det er vel på tida at eg ser gjennom det og tar med meg det eg vil ta vare på til Bergen. Eg kan iallfall ikkje skulda på plassmangel lenger. :)

Håper alle får ein fin start på ei ny veke. Imorgon skal me ut å sjå på fliser igjen, så følg med!
Då eg kikka ut vindauga idag tidleg møtte eg dette synet. Ein svær cruisebåt hadde lagt til kai, det vert sikkert mange av desse å sjå på utover våren/sumaren. Så kjekt med utsikt over dokken, då får ein med seg kva som skjer :) Lurar på kor stor/liten Titanic var i forhald til denne, kva trur de?

fredag 4. mai 2012

IKKJE BERRE EIN TING

Idag var me på møte hos Oswald Jørs, som skal laga badet vårt for oss. Det gjekk kjempebra og me har fått oppstartsdato 21. mai. Dei hadde det travelt om dagen, og han hadde satt av den datoen til oss dersom me ville bruke dei, ellers var det ikkje ledig før i september, så me var heldige med den. Me er ikkje akkurat superkeen på å vente noko særleg lenger enn me må.

Så gjekk me gjennom monge store og små detaljar til baderommet. Me må plukke ut blandebatteri til både dusj og vask, kva slags sluk me vil ha i dusjen, kva slags toalett vil me ha, og litt større ting som kva slags fliser me vil ha. Han anbefalte oss å ta turen til Flisekompaniet, eller til Odin, der hadde dei litt samarbeid, så då får me i første omgong ta turen der å kikke litt. Kva slags fliser blir ein IKKJE lei av om to år liksom? Det er ikkje godt å veta. :)

Så no har me to veker på oss til å riva ferdig oppe på badet, Thomas skal ha to eksamenar og eg skal jobbe på Rema to av laurdagane pluss tirsdagane framover. Det er deilig å ha nok å gjer på iallfall.

Eg må seie at eg gler meg MAX til juni, då har eg kun ein jobb å forhalda meg til, baderommet er ferdig (hvertfall mot midten/slutten av Juni) og eg kan berre fokusera på trening! Eg er i skikkeleg treningsmodus igjen no, og gler meg sånn til å komma igong, berre eg blir ferdig med Rema snart. Ellers håper eg me skal få til ein sørlandstur i Juni eingong og, saknar familien der nede no, me har ikkje vore der sidan Desember, og det var berre ein kort tur :) I tillegg så har jo to av mine beste jenter flytta sørover og, så eg gler meg til å sjå korleis dei har fått det i sine nye heimar. Mykje å sjå fram til mot sommaren med andre ord! Sjølv om eg kosar meg ganske mykje no og, det skal jo vera sagt. Livet er verkeleg flott for tida, det er så kjekt med eige hus!!! :D





Me tenkjer på å ha ein sluk som dette.
Men den finns i fleire varianter.
Som sagt så er det ikkje berre ein ting.




Sånn ser den ut i bruk. Mykje betre enn ein keisam firkant midt på golvet, enig? :)