No skjer det ting i kjellaren igjen, endeleg. Malaren har vore her idag og han er ferdig med det første av tre lag med sparkel, eller noko sånn. Han kjem att imorgon og fredag og, slik at me kan male i helga. Han får berre tatt soveromma og taket i ståvedelen, men det går bra. Resten får me ta neste veke. I tillegg så var som sagt røyrleggjaren her og, og han fekk gjort nesten alt han skulle, veldig bra. Så han kjem igjen imorgon for å fikse på eit par småting, som til dømes og staka opp dusjen i andre etasje som visstnok var full i groms. Og ikkje nok med det, for me har hatt elektrikar her og me. Så no er ståvedelen klar for snekrane som kjem att på mandag.
Ellers tok me oss eintur på Coop Obs Bygg, Lagunen idag. Der har dei hatt tilbod på maling no, så då måtte me berre slå til. Ti liter kvit maling til 299, kan ikkje klage på det. Så me drog med oss heim femti liter og har sikkert nok maling til å ta heile huset, men som dei seier; det er betre med for mykje enn med for lite. For dei som hugsar det så har me altså gavekort på Coop Obs på 4000 kroner, og fekk brukt litt av det idag. Me hadde jo gjerne trudd at denne beten skulle koste litt meir enn det me hadde på dette gavekortet, men neida, me har fortsatt litt att og bruke til ein anna gong.
Så kan eg berre ikkje få sagt nok, kor mykje me allereie har fått bruk for "leiebilen" vår, altså Hiacen. Den gjer absolutt alt så utruleg mykje enklare for oss. Me susar ut på IKEA, tømmar boss på bossfyllingen, hentar material og ja, alt mogleg. Me sparar jo litt pengar på å hente material til snekrane sjølve, så slepp dei å føre opp timar på det. På fredag skal me ut på Expert for å henta alle kvitevarene, og igjen kjem bilen til super nytte. Det er kjekt med god familie :):)
Imorgon er det jobbing på Rema 1000 igjen, så eg får sjå om tida strekk til, men på fredag kjem det iallfall bilete av korleis det er blitt i kjellaren.