Det går jo an å håpe på at mini kjem litt før tida :)
For å få denne dagen til å gå så har eg ommøblert soverommet, og gjesterommet (med hjelp sjølvsagt). Så no er det klart til at eg kan byrje på vaskinga når permisjonen startar. Eg har høyrt at husarbeid kan hjelpa på å starte fødselen, så eg planlegg å gjer så mykje av det som eg greier framover. Vaska heile soverommet vårt står mellom anna på planen, så har eg mykje babygreier som skal vaskast i form av sengety og klede, tepper og kommodar. Det gler eg meg masse til å starte på.
No er det middagstid her i heimen, heimelaga lapskaus står på menyen idag, eg har prøvd å lage nok til at me kan ha restar imorgon. Nam. Alltid greit å ha ein lettvint middag på mandagar, mandagar er nemleg alltid litt tunge :)
God sundag til alle!
Forandra litt på kva kommodar som står framme :) |
Pusane er sjølvsagt med, og babysenga er på plass. |
Eit litt rotete kleshjørna, alltid kjekt å endre litt på :) |
Og så eit lite bilete av meg med magen min. Gler meg til å finne ut om det er ein gut eller ei jente som skjuler seg her :P |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar