søndag 6. januar 2013

SUNDAG

Det er sundag igjen, enda ei veke er over. Dei siste dagane har det gått mykje i skisport her i heimen, så kjekt når Hoppveka og Tour de Ski går samtidig, i tillegg har det jo vore skiskyting å følgje med på. Då blir det ikkje tid til så veldig mykje anna.

Det har vore varmt her og dei siste par dagane, så idag har Thomas nytta høvet til å gå ut og endeleg gjer ferdig taket på uteboden, han hadde litt fuging og sånn småplukk igjen, men no er han ferdig. Medan han var ute tok han eit overblikk på bilane våre og, sjekka litt olje og sånne ting, dei burde jo få seg ein vask og etterkvart, men det får bli ein anna dag!

Ellers held me på å venne kattane til å vera ute, det går ganske bra, men dei likar seg ikkje ute om ikkje me er med dei. Søtingane. Det hender nemleg at me slepp dei ut litt før me sjølv er klare, og når me kjem etter så sitt dei stort sett på trappa og ser litt forvirra ut, men når me kjem så spring dei vidare å leiker. Den grå pusen er skikkeleg vågal og klatrar i trea og går på utsida av gjerdene som går ned mot hovedvegen, eg skal innrømma eg går med hjartet i halsen når eg ser det, men eg må jo bare la dei gjera som dei vil, det går jo bra.

Etter mine rekningar er dei snart fem månadar gamle no, og det seiast at dei kan steriliserast ved ein seks månadars alder, så planen vår er eigentleg å ta det i løpet av dei 14 dagane Thomas har barselspermisjon etter at babyen er komen, kanskje ikkje kjempepraktisk, men det går nok bra! Det skal bli godt å få det overstått slik at eg kan slappa litt meir av med tanke på å sleppa dei ut meir.

Flinke guten min, endeleg er han ferdig med å balansera oppå her!

Litt utsiktsbileter.

Elskar denne utsikta her, gler meg til våren kjem :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar