Dette er babyen sin 35. mandag (eller 33. sånn egentlig) og eg er stolt som ei høne(mor). Var ein tur hos legen idag og alt står veldig bra til med både mor og born, det er det me likar å høyre.
Eg auka sjukemeldingsgraden min til heile 70 prosent, så det er ikkje mangen timane eg skal jobbe no før permisjonen startar. Rart. Det er liksom berre to veker igjen.
Ellers har det vore ein fin dag idag, etter legetimen var det opp ein tur på jobb før det bar heim til dei beste pusekattane. Så har me hatt besøk av eit vennepar ikveld, og det var SÅ kjekt. <3
No er eg straks på veg i seng, guten har faktisk lagt seg før meg idag, det må vera første gong. Ny arbeidsdag imorgon så det er best å vera litt opplagt, no jobbar eg jo berre tre halve dagar i veka, så eg kan jo sove litt frampå om det skulle vera nødvendig. Heldige meg :)
Alle seier ein må nyta den siste tida og sova mykje, men det er ikkje berre lett i praksis, for no kan eg jo sova mykje og slappa av, og då betyr det ikkje så mykje som det gjer når ein ikkje kan lenger. Det er sånn med oss mennesker, me er aldri nøgd med akkurat det ein har medan ein har det. Enten så angrar me på ting me ikkje gjorde, eller tid me ikkje nytta riktig, eller så ventar me på ting som skal skje, slik som eg gjer no.
Vente, vente, vente....
Life is what happens while you`re busy making other plans :)
Fine <3
SvarSlettDu e nydelig!!! <3
SvarSlett-AnitaW-