Det at eg går så mykje heime for tida har ein tendens til å gå utover Thomas, når han kjem heim fra jobb har eg som regel alltid funne på noko me kan gjera i huset, og sidan eg ikkje fungerar optimalt så er det sjølvsagt han som fysisk må gjer det, hihi. Igår var intet unntak og prosjektet foregjekk i gangavdelinga.
Tanken har slått meg, meir og meir jo nærmare baby me kjem, at me ikkje har plass til barnevogna i gangen. Det kjem til å bli eit irritasjonsmoment på sikt, det er eg sikker på. Så etter å ha tenkt på dette i lang tid fann eg endeleg løysinga her om dagen. Ideen starta å forme seg då me for nokre veker sidan hadde eit aldri så lite straumbrot her heime, all straumen vår forsvann klokka ni ein laurdagskveld. Sikringskapet vårt heng jo i gangen, den ytterste, og rundt den er det bygga eit skap, sikkert veldig praktisk, men skapet går heilt ned i golvet og me brukar det ikkje til noko som helst. Så eg fekk Thomas til å sage det i to eg. Bort med det.
Sjølv synes eg det vart veldig bra. Eg er framleis litt usikker på om vogna får plass der, døra vår slår jo innover. Men me kan iallfall nytta plassen til noko og det er jo bra :) Det beste med dette er at det var heilt gratis og, alt me trong av utstyr og material hadde me liggjande her heime, og eg er heilt imponert over guten (som vanleg), han får det jo til og.
Framleis mangler me litt listverk, det skal og malast på veggen og i neste veke skal me leggje noko nytt golv (det kostar oss litt då, ca 300 kr). Eg skal leggja ut nye bilete når det er heilt ferdig, men eg ville berre vise kor bra det vart!
FØR: Slik såg det ut, sikringskapet er i øvste del av skapet, nedre del er berre tom. |
For ein hændyman du har Cath:)
SvarSlettJa, han e meget flink :D
SlettHoho! :) Thomas
SvarSlett