Sidan det ikkje skjer så mykje i huset om dagen så tar eg ein liten oppdatering på babyen istaden eg, sikkert nokon som lurar på korleis det går og:P
Idag er eg 33 veker og 5 dagar på veg i svangerskapet, eller sju og ein halv månad for dei som føretrekk å telle på den måten, så no er det verkeleg ikkje lenge igjen før den vene babyen vår kjem (seks veker og fire dagar til termindato). Som me gler oss.
Formen er stort sett bra for tida, men eg merkar at magen er stor no, eg må ha litt hjelp til å knyte sko og denslags. Også er eg svolten, stort sett heile tida, men eg prøver å halde meg til faste måltid likevel og det går stort sett greit. Ellers er det bekkenet og halsbrannen som er det verste av "plager", men det går heilt fint. Litt må ein jo rekna med og eg trur eigentleg eg har hatt eit veldig fint svangerskap eg.
Jamnt med liv er det og, men ikkje plagsomt eller vondt på nokon måte, og babyen hikkar fleire gonger om dagen no. Hikking er gøy, det likar "mor", det er liksom eit tryggleiksteikn :)
På tirsdag skal me faktisk på kurs i samband med fødsel, det er slik som alle "må" på i desse dagar. Sjølv skulle eg gjerne helst latt det vera, men ein får vel gjer det ein får beskjed om. Nok eit teikn på at det nærmar seg er det iallfall, så får ein håpa at det ikkje blir noko panikkanfall i kjølvatnet av det. :P
Så får ein vel slenga med eit bilete, tatt idag. :) |
Fiiiiin :D
SvarSlettDu er nydelig du :) gler meg til å sjå magen live no!
SvarSlettDåke e så søte <3 :)
SvarSlett