fredag 25. januar 2013

FRIDAY, I`M IN LOVE

Det er fredag igjen, min favorittdag. Tenk, dette er den siste fredagen som symboliserer helg for meg dette året, resten av 2013 blir berre fylt opp med fridagar. Rart. To dagar igjen med arbeid, så er det permisjon på denne jenta.

Idag har eg latt meg sjølv ha fri, heilt fri. Det einaste eg har gjort er å lufta kattane ein times tid, eg vart med dei ut idag, lærte leksa mi på onsdag kan de sei. Heldigvis ingen skumle nabokattar i sikte, så det gjekk fint! Ellers har eg berre slappa av, for det meste oppe i senga, hehe. Vel, folk seier eg må sova no medan eg framleis kan, og det aktar eg og å gjera :)

Ellers har Thomas diska opp ein betre middag her ikveld beståande av biff, ovnsbakte grønnsaker og saus til. Namnam. Så no sitt me her med fyr i peisen, kvarvår kosepus i fanget og Homeland på skjermen. Ah, nemnde eg at fredag er favorittdagen? :)

Imorgon har me litt forskjellig på planen, mykje småting å finne på i heimen. Så berre følg med!

I mellomtida sleng eg med eit bilete av den stadig voksande magen <3

Thomas leiker hobbyfotograf :) 36 veker!



2 kommentarer: