Idag var det nummeret før me berre hadde éin katt, og ikkje to lenger. Eg har jo vorte litt rausare med å sleppa dei ut i det siste, det har jo gått så fint. Og no når det er minusgrader ute så orkar eg ikkje stå ute med dei heller, så eg berre opnar døra eg, og slepp dei ut.
Dei kosar seg jo sånn ute.
I det siste så har nokre av nabokattane fått med seg at det er to nye pusar i området, men det har gått heilt fint, heilt til idag. Når kattane er ute så går eg stort sett fra vindauga til vindauga for å halde auge med dei, men eg ser dei sjeldan. Så går eg avogtil opp i trappeoppgangen og kikkar, for der ser eg litt meir, og synet som møtte meg idag var altså Flushy i toppen av eit tre i naboen sin hage, eit av dei trea som heng ut i hovudvegen. På bakken trygt inne i hagen sitt ein av dei store, skumle nabokattane som går under namnet "gatas skrekk" her i huset.
Nemnde eg at Thomas akkurat var kjørt inn til byen?
Så det var berre meg her heime. Lettare panisk hiv eg på meg støvlar og spring ut i minusgradene, utan jakke sjølvsagt. Men kva skal eg bidra med? Eg får iallfall jaga bort "gatas skrekk", men eg kan ikkje klatre opp i treet, og Flushy greier ikkje å komme seg ned. Så der står me. Etter å ha ringt uttalige gonger til Thomas utan å få svar kom eg på at eg kunne ringe naboen, så eg gjorde det og heldogvis var dei heime og kunne komme ned. Så då gjekk nabojenta ned i vegen i fall katten skulle ramle ned medan me andre stod i hagen og lurte på kva me skulle gjera, og så skjer det, katten ramlar, ned i vegen. Men det gjekk bra, utruleg nok. Me fekk tak i ho, forskremd som ho var og fekk ho trygt inn i huset igjen, heilt uskadd.
Eg trur kattane får vera inne imåro.
Uææææ! Stakkars pusen!
SvarSlett
SvarSlettJa fikk et par relativt crazy telefoner igår! Og en veldig trøtt katt på kvelden :)
Thomas
Uffa! Stakkars pusen!! Bra at det gikk bra! =)
SvarSlett-AnitaW-