Me har gleda oss lenge til å sjå rakettane fra Nygjerdet og eg må sei me hadde ein panoramautsikt til det store fyrverkeriet herifrå, det var heilt topp! Eg trur me hadde handla inn fem pakkar stjerneskot, fordelt på tre personar så me hadde det veldig kjekt med dei ganske lenge. Eg trur ikkje pusane hadde det like kjekt, dei var ikkje veldig høge i hatten igår, men eg syns dei greide seg fint trass alt. Første nyttårsfeiringa deira :)
Om ein skal mimre litt tilbake i 2012 så trur eg det er eit av dei beste åra eg har hatt, 2011 var og veldig bra, men 2012 - hakket betre.
Det var veldig travelt det første halvåret, men me hadde det så vanvittig kjekt på same tid. Det var artig å vera tilbake på Rema 1000 litt, sjølv om det var tungt å jobba så lange dagar. Eg og Thomas fekk og, etter å berre ha kosa oss gjennom heile 2011, verkeleg testa korleis me jobbar saman, og me greide oss fint, veldig fint. Me har sett mykje nye sider hos kvarandre, stort sett berre gode, og lært oss sjølve og kvarandre enda betre å kjenne.
Og det siste halvåret har eg jo vore gravid og livet mitt har stort sett dreid seg kring det, og sjølv om det har sine utfordringar så er det verkeleg bare heilt fantastisk. Eg er heldig :)
No er eg spent på kva 2013 har å by på, eg vonar det blir eit spanande år med mykje nytt.
Me skal bli foreldre.
Mykje fint fyrverkeri, dette var fra ein serie med planetar. |
Mykje flotte fargar! |
Og eit GODT NYTTÅR til alle lesarane frå oss :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar