onsdag 2. januar 2013

HADET TIL JULA

Det er andre dagen i Januar idag, og akkurat eit år sidan me overtok dette flotte huset! Å, eg hugsar kor nervøs eg var, og ikkje minst opprømt, og glad. Så mykje som har skjedd på eit år og no er me plutseleg i 2013.

Dagen har eg brukt på å rydde vekk jula, så utruleg herleg. No er eg skikkeleg klar for kvardagen igjen. Gler meg til å gå på jobb att imorgon, og om berre fire små veker er det tid for permisjon og eg skal vera vekke frå jobben i eit heilt år. Rart. Men eg gler meg og, ikkje til å vera vekke frå jobben sjølvsagt, men alt det andre som skal skje.

Eg har lufta pusane litt og idag, det må til. Dei har blitt vane med at dei får lufta seg litt kvar dag no, så dei sett seg til med døra når dei kjenner seg rastlause nok og då er det ingen bøn, ut med oss! Idag var me ute i omlag ein time, det er så kjekt å sjå kor mykje dei kosar seg, eg gler meg skikkeleg til me får sterilisert dei så dei kan få gå ute litt meir. Men for no får me halda oss til litt lett lufting ein halvtimes tid om dagen. Førebels virkar dei nøgde med det :)

Er det nokon av de som har nokre føresett for det nye året? Ifjor hadde eg to:

1. Slutte heilt å røyke - Check, har holdt meg 100% unna i heile 2012 :D
2. Fortsette å ete sunt og å trene regelmessig - Det greide eg på ingen måte. Eg prøvde lenge, men måtte berre gi opp tilslutt. Det blei litt for mykje med to jobbar, oppussing og graviditet :)

I år har eg ingenting konkret på planen, men eg går eit utruleg spanande år i møte og målet mitt er å nyta det alt eg kan. Ein får aldri igjen det første året med sitt første born, eg håpar eg kjem meg opp tidleg kvar dag sånn at eg får utnytta dagane for alt det dei er verdt <3 Eg skal jo ha permisjon gjennom heile våren og sommaren, eg gler meg :) Også har eg kanskje eit sånt delmål om å greie å få att kroppen min etter graviditeten, men det har vel alle som får born, hehe.

Ikkje alle var like glade for at jula skulle pakkast vekk, Flushy ville helst vera meg treet i eska :)

Så kom Blacky og, og dei klamra seg fast i einannan :P

Prøver å beskytta byttet sitt :)

Å, endeleg ei julefri ståve! Hurra :D

Kattane blir ganske slått ut etter ein heil time ute i regnet!

Då er det viktig å slappa av litt når ein kjem inn att :)



1 kommentar: