Så då vart ikkje denne dagen så veldig effektiv som eg hadde planlagt, hehe. Men eg må jo spare på litt av "oppgåvene" til permisjonen startar og, eg kjem jo til å kjeda meg ihjel dei siste vekene. Litt har me uansett fått gjort då. Thomas har måka snø, mala feieluka på loftet, satt nokre spiker i ein kommode me er så heldig at me har fått låna, støvsuga ståva og vaska inni dusjen. Flinke guten. Sjølv kan eg ikkje skryte på meg like mykje, men eg har rydda litt i bilen min (medan eg lufta pusane), vaska nokre maskinar med klede, å rydda og vaska litt på kjøkkenet. Då sa bekkenet fullstendig stopp og det var berre til å finna sofaen att :)
Ellers undrer eg meg om me må kjøpe ny vugge til babyen, den me har fått låna er jo stadig okkupert av to søte pusar, hehe. Korleis skal eg formidla til dei at det eigentleg ikkje er ei katteseng, men ei babyseng? Eg har jo så lyst å gjera den "babyklar" og, men det er jo ikkje noko poeng i det dersom pusane legg seg oppi der heile tida, då må jo alt vaskast på nytt likevel. Kanskje eg skal høyre om Thomas har ei plate eg kan legge over ei lita stund? Det er jo ikkje som om desse pusane våre ikkje har nok av andre stader dei kan ligga, men det er jo alltid kjekkast med dei plassane som er "of limits" :)
Dei er jo så søte der dei ligg og, eg greier ikkje å flytta dei heller :P |
Haha..kosepusane♥ Eg skjønne godt at du ikkje har hjarta te å hiva dei vekk, så mykje som dei ser ut til å kose seg:-)
SvarSlett