lørdag 19. januar 2013

PROSJEKT LOFT

Hei alle saman! Idag har me via dagen vår til loftet, og prøvd å lage det litt koseleg til der oppe. I samband med at det snart kjem ein ny verdensborger i Nygjerdet 10 må me jo gjer det klart for mykje besøk her hos oss. Hurra!

Me har jo allereie to gjestesenger, så det er eigentleg god plass for overnatting her, men dei ligg begge veldig tett innpå vårt soverom, og med ein baby kan det muligens bli litt forstyrrande for gjestene våre, så då fann me det best å ordne med eit tilbod på loftet også. Det er jo viktig at gjestene trivst på besøk her hos oss, og at dei får venleiksøvnen sin, ikkje minst.

Her i veka var me ute på IKEA og fekk tak i ei gjesteseng, eit lite nattbord, teppe og ei leselampe. Det er jo rimeleg på IKEA, og litt salg så det blei ikkje så dyrt, heldigvis. Sidan det er mørkt når Thomas kjem heim frå jobb så fann me det best å vente til idag med å starte på prosjektet, sjølv om me begge eigentleg klødde i fingrane etter å setje igong sporenstraks, ivrig sa du? 

Vel, me starta med å rydde der oppe, det er jo eigentleg eit roteloft. Heldigvis er det tre ganske store lagringsrom slik at det ikkje er noko problem å gøyme vekk rotet, så det gjekk veldig greit. Så er det ikkje akkurat ofte at eg er der oppe å svinger vaskekosten, så det måtte også til. Så var det berre å skru opp varene, og IKEA er jo super på brukarmanualar, hehe, men til slutt fekk me det til og det vart kjempebra. Me er iallfall kjempenøgde og Thomas hadde nesten litt lyst at me skulle verta uvenner slik at han kunne liggje der oppe, hehe, men så heldig er han ikkje :)

Opp denne trappa skjuler det seg ein fjerde etasje i huset vårt.


Eit råloft.

Mannen flytter på material som me lagrar her oppe.

Her ligg nokre lampar frå då huset var originalt, dei skal snart bli hengt opp att.

Ei luke frå Laxevaags Værk. 

Frøken vaskar :)

Det blei ganske kosleg.

Pusane er sjølvsagt med, alltid :)

Kven vil vel ikkje overnatte her?



1 kommentar: