lørdag 12. januar 2013

GOD STEMNING!

Å, det er skikkeleg herleg med helg igjen, laurdagsføremiddag og me kosar oss. Dagen idag starta med at me berre slang i oss litt frukost før me satte oss i bilen og suste inn mot sentrum. Eg skulle igrunn berre bytte nokre bøker for min bror, men det er godt å få det gjort. Samtidig så fekk eg lurt meg inn i ein barneutstyrsbutikk som eg har ønskja å besøke ei stund no, og der hadde dei så mykje fint. Det er så kjekt å kikke på alle dei fine tinga, og eg gler meg til me veit om dette er ein gut eller ei jente slik at me kan kjøpe litt meir.

Etter byen kjørte me opp til Bønes og besøkte dei kommande oldeforeldra, mamma og pappa er i Bergen i helga så då fekk me truffe dei og. Dei hadde med seg "basen" som høyrer til bilstolen som babyen skal ha, så får me sjå då om me greier å festa den i bilen, kanskje eit prosjekt for imorgon? Me får sjå. Det er jo enda 39 dagar til termin (full nedtelling her i heimen) så me har jo god tid :)

Apropos 39 dagar, det vil sei at eg no kan kalla meg høggravid, om ikkje det er ei milepæl i svangerskapet, så veit ikkje eg! Å, det er så spanande :D

No har me akkurat hatt pusane ute ei lita stund, det er ganske kaldt i Bergen om dagen, så dei vil ikkje ver ute så lenge. Me nyttar den lave temperaturen til å fyre litt i peisen og tenne litt stearinlys, no gjeld det berre å finne fram boka, litt kakao og så berre lene seg tilbake.

Det er god stemning i Nygjerdet 10 :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar