Idag har eg gjort ingenting då, hehe, det blir nok nokre slike dagar og. Trøtt er eit ord som beskriv meg godt no, helst kunne eg sikkert sove heile dagen, hadde det ikkje vore at det er så himla ubehageleg å liggje for tida :P
Delvis for å ha noko å gjera på og delvis i eit lite forsøk på å ta tilbake kontrollen over blodsukkeret mitt baka eg knekkebrøda mine igjen igår. Hadde heilt gløymt kor gode dei er. Nam. Det gjeld å starta dagen med ein god frukost som ikkje gir blodsukkeret oppsving, så blir dagen bra - det seier jordmor :) Dei siste vekene har eg nemlig vore så hekta på vaniljeyoghurt med crusli oppi og har starta dagen med dette, ei rein sukkerbombe - som igjen har resultert i at eg overspis resten av dagen, ikkje bra. Dei siste dagane har eg derimot starta dagen med ein litt sunnare frukost i form av knekkebrød med godt pålegg og litt frukt, merkar stor skilnad allereie.
Herleg!!! :) |
Thomas reiv opp litt meir av golvet i gangen igår han, medan eg baka. Den eine pusen fulgte så spent med, det var heilt morosamt. I ein evighet berre satt ho der og var som i transe, tydelegvis spanande når matfar jobbar :P
Kvalitetstid mellom Flushy og matfar <3 |
Så vanvittig søøøøøt :) |