Hei alle! Då var det mandag att og ei ny veke er igong. Helga som gjekk var heilt herleg, skikkeleg avslappande og det var akkurat det eg trengte. På fredag hadde me besøk av ein kamerat av Thomas, så eg laga pizza til oss, alltid ein slager hos gutta :)
På laurdag kom muraren her klokka åtte, så då stod eg like gjerne opp og hadde James Bond-maraton i stua. Eg fekk "berre" sett gjennom dei tre fyrste filmane då, Dr No, From Russia with Love og Goldfinger. På kvelden fekk me besøk av ein anna kompis av Thomas, det er jo fotball-EM for tida, så det er jo kjekt å samlast litt for kamp.
Igår var det duka for bursdagsfeiring, eg har jo bursdag på onsdag så eg inviterte mamma og pappa over til Bergen. Det var ei stund sida dei hadde vore her no, så absolutt på tide dei fekk sett framgongen på badet. For anledninga fekk eg gåva mi fra Thomas, galningen har kjøpt ny vaskemaskin til oss, ein skikkeleg ein fra Miele, han er så god. I tillegg hadde han allereie solgt den gamle på finn.no. Så no gler eg meg om mogleg enda meir til eg kan vaske klede i helga som kjem, i ny maskin.
Idag har det ikkje skjedd stort. Det er komt fuger på veggene oppe då, fantastisk. Spent på om dei faktisk blir ferdige til fredag, dei kom jo igong ei veke for seint, og dei har verkeleg stått på! Ellers har det kome eit lite flyttelass til frå leigebuarane våre, det skal bli spennande å få dei på plass til hausten :)
|
Sjå gjerne vekk ifrå kaoset. Men det skal iallfall bli godt å bytte denne inn i ein større og nyare :) |