torsdag 5. april 2012

UTLEIGE

Å, tenk at eg ikkje skreiv det før idag. Men me hadde visning i kjellaren idag, det gjekk veldig bra. No er leilegheita så godt som utleigd, det einaste som gjenstår er å skrive kontrakta. For ein lettelse. Slik det ser ut no blir det to veldig koselege jenter som flytter inn, og datoen blir 1. juni. Det passar oss bra for då kan me bruke badet nede i to månadar til. Forhåpentlegvis er vårt eige bad så godt som på plass innen då!

Ellers har me hatt ein betre middag no, biff og grønnsaker. Namnam! Det er så fint med ferie, eg skal nyta kvart sekund av den. Resten av kvelden her blir nok brukt foran tven, imorgon ventar ein ny travel dag i Nygjerdet <3


Den fine leilegheita vår! Det blir spanade å dela huset vårt med nokon andre :)
Og litt påskekos! Eg elskar blomar. Må alltid ha ferske blomar i vasen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar