Noko av det finaste med Bergen er alle fjella her. Då eg budde i sentrum brukte eg ofte å gå opp Fløyen eller Stoltzen, som er veldig sentrumsnære, utruleg fint at det er så kort veg ut av bykjerna og opp i fjella. Ellers bruker eg og innimellom å gå Løvstakken, Lyderhorn og ikkje minst Ulriken.
Det er jo utan tvil Ulriken som er den absolutte favoritten, men eg trur det er litt snø der oppe enda, så valet mitt falt på Stoltzen idag. Eg har faktisk ikkje gått der sidan eg var med på Stoltzen opp i September, så det var absolutt på tide no. Eg har forresten meldt meg på i år og!
Det tok si tid opp i dag, men det plar vera ganske tungt den første gongen for sesongen. Eit eksempel på det er jo stoltzen opp ifjor, då var løypa stengt for oppgradering heilt fram til veka før løpet, då gjekk eg meg opp nesten seks minutt berre på ei veke. Eg bruke vel 25 minutt opp første gongen, og under løpet gjekk eg på rett i underkant av 20. I år har eg jo satt meg som mål å gå den på 17. Vel, me får sjå korleis det går! Ein må berre begynna tidleg, og eg er jo allereie igong no. Dersom eg er skikkeleg flink greier eg å gå eit par gonger i veka heilt frammot løpet som jo ikkje er før i September, då bør jo 17 minutt vera innanfor rekkevidde. Eg trur min personlege rekord opp Stoltzen er rett over 18 minutt, men det skjedde berre ein gong, på ein særdeles god dag!
Det var i allefall ein nydeleg tur, været her er upåklageleg idag, men litt kaldt var det jo på toppen, eg var ikkje heilt forberedt på at det skulle vera så mykje is på toppen, eg gjekk ned Skreddardalen og det var jo ein leik med livet det første stykket. Heldigvis vart det betre etterkvart og eg kom meg ned i ein bit.
|
Litt snø og is på toppen. |
|
Eg kosar meg! |
|
Inngongspartiet i Stoltzen var HEILT forandra sidan eg gjekk sist, tykkjer den hadde mista ein del av særpreget sitt eg altså, men det kom seg heldigvis når eg kom litt opp i løypa. |
|
Glad jente på veg ned. |
|
Det er så sinnsjukt flott på toppen. Eg blir glad! |
|
Lurar på om eg kjem til å overleve turen ned Skreddardalen. |
|
For det såg slik ut, og no var eg forbi det alle verste partiet. Men det gjekk fint :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar