søndag 1. april 2012

MOTORSAG

Hei alle saman! Nokon som hra blitt lurt idag? Eg har greid å halda meg unna så langt. Heldigvis.

Dette har vore ei fantastisk helg! Eg har vore i bursdag både fredag og laurdag og vore med alle mine kjekke venner! Det blir ikkje betre enn det. Alle helger burde vore som denne! Idag har me hatt besøk av ei venninne og familien hennar, eg diska opp med vaffler og det heile. Typisk så fann eg ut eit kvarter før dei kom at eg ikkje hadde nok kveitemjøl, så det vart vaffler av den grove sorten idag, det var faktisk veldig godt! Absolutt å anbefala. Neste gong lurar eg på å teste ut kokosvaffler, høyrtes det godt ut?

Vel, over til overskrifta. Thomas tok seg ein tur på Felleskjøpet igår, og kom heim med ei motorsag. Me har tenkt å bruka den i samband med badet, riving, riving, saging? Det blir spanande. Håpar berre ikkje me skadar oss, hehe. Eg har sagt til Thomas at han må kjøpa vernebriller til oss, men eg veit ikkje om han høyrte på meg, for eg har ikkje sett noko til dei ennå:P Better safe than sorry, eg berre seier det!




Har de tru på denne??
Plutseleg så byrja det å SNØ her idag. Heldigvis var det svært kortvarig, men det er surt her om dagen, ingen tvil om det.
Me gler oss til å testa den ut :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar