søndag 22. april 2012

KNEKKEBRØD

Dei som kjenner meg godt veit at eg er over gjennomsnittet glad i knekkebrød. Lenge spiste eg Wasa sine knekkebrød med havre til kvart einaste måltid utanom middagen, og somme gonger til middag og faktisk. Favoritten er å ha mykje majones, skinke, ost, lauk og agurk på. NAM. Ellers er kokt egg, leverpostei eller salami og gjengangerar.

For ei stund tilbake fekk eg ei oppskrift av ei venninne, eg visste ikkje eingong at det gjekk an å lage dei sjølv eg, men det er dei beste knekkebrøda eg har smaka. Og ikkje nok med at dei smakar så godt, dei er og lav på karbohydratar og supersunne, i motsetnad til monge av dei ein kjøpar i butikken som er fulle av karbs.

Eg har ikkje laga desse sidan me flytta inn i huset, det har rett og slett berre ikkje blitt priorietert, men idag har eg laga meg nye og eg gler meg til å setja tenna i dei.

Du treng:

2dl sammalt grov rug.
2dl sesamfrø
2dl havrekli
2dl solsikkekjerner
1dl linfrø
1dl krusakli
2ts salt
7dl kaldt vatn

Ein blandar det saman i ei bolle og lar det svelle i cirka tjue minutt.

Sett ovnen på 180 grader, varmluft. Medan ovnen blir varm tar ein ut tre steikebrett og legg på bakepapir. Så smører ein eit tynt lag på kvart brett (eg brukar ein gaffel til å smøre med, det kan vera litt knotete i byrjinga)

Knekkebrøda skal stå i ovnen i tilsaman femti minutt, men etter ti minutt må ein ta ut kvart brett og lage ruter i ønska storleik (eg bruker pizzahjul til dette), då blir dei enklare å knekke opp etterpå.

Avkjølast på rist.
Dette treng du!
To av dei tre bretta klare for steiking.
Alle tre bretta inn i ovnen samtidig, det kan vera at ein må steika brettet i midten litt lengre enn dei to andre, det er iallfall mi erfaring.
Ferdig resultat. Ein-To-Tre-Nyt :)

2 kommentarer:

  1. Eg trur eg må laga ein dag eg også:) De e jo kjempegooode:D

    Knekkebrødbuffè <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, do it!! Så kan me ha telepatisk knekkebrødbuffet <3 :)

      Slett